Forsking i praksis
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- KUVI305
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette er eit forskingsnært emne som springer ut av pågåande forskingsprosjekt i kulturvitskap. Det tematiske innhaldet vil vere avhengig av kva forskar som underviser, og vil derfor variere. Studentane skal tileigne seg kunnskap om forskingsfeltet, samtidig som dei får eit innblikk i forskingsprosessane og materialbruken.
For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan bruke kunnskapane om kulturelle fenomen og prosessar til å bidra til nye innsikter om kultur og samfunn.
- har spesialkompetanse på eit aktuelt kulturvitskapleg forskingsfelt.
Ferdigheiter
Studenten
- kan fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen.
- kan formidle aktuell forsking.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle kunnskap om eit forskingsfelt og bruke fagets terminologi.
- kan forstå og fortolke kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere inn to utkast til eksamensoppgåva. Første utkast skal vera på om lag 1000 ord, andre utkast skal vera på om lag 2000 ord. Faglærar gir skriftlege tilbakemeldingar.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på om lag 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.