Syntaks
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LING111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Syntaks er studiet av setningsstruktur. Kurset tek utgangspunkt i moderne syntaktisk teori. Det gjev ei innføring i syntaktiske strukturar og i lingvistisk argumentasjon og tek føre seg grunnleggjande fenomen innan grammatikk, t.d. trekkbaserte grammatikkar..
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan...
- gjere greie for viktige utgangspunkt innan syntaktisk teori
- omskrive viktige omgrep innan syntaks
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- vurdere og samanlikne strukturelle beskrivingar av setningar.
- nytte metodar og omgrepsapparatet innan syntaks
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- bruke lingvistisk argumentasjon i samband med syntaktiske fenomen
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studenten har avlagt EXFAC00SK eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand. Sidan pensum omfattar ein del framandspråkleg litteratur, spesielt på engelsk, blir lesedugleik i engelsk tilrådd.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, om lag 24 timar pr semester. Dersom det er praktisk mogleg, blir det også tilbode øvingar på datamaskin.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av ei obligatorisk oppgåve på ca. tre sider som må godkjennast i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på fire timer.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum omfattar bokkapittel og artiklar som gjev ei grundig innføring i syntaktisk teori, om lag 300 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne
Programansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium