Språk på tvers av modalitetar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LING314
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan:
- gjengi viktige termar og konsept innan multimodal forsking;
- gjengi og diskutere rolla til multimodalitet i språk og kommunikasjon;
- forklare rolla til multimodalitet samanlikna med lingvistisk teoribygging.
Ferdigheiter
Kandidaten kan:
- applisere metodar og verktøy på multimodal forsking om språk.
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- kritisk vurdere korleis språkvitskapleg forsking forklarer multimodalitet;
- kommunisere problem, analysar og funn innan multimodal forsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og praktiske øvingar, omlag 24 timar pr. semester.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt møte med rettleiar, som skal ha fått lese utkast til oppgåva i forkant.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Individuelt prosjekt som inneheld ein multimodal analyse av språk med hjelp av verktøy og metodar introdusert i kurset, innlevert som semesteroppgåve på ca. 3000 ord (litteraturliste, vedlegg osv. ikkje medrekna) saman med data og annotasjonsfiler.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.