Innovasjon, tiltak og prosjektplanlegging
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MABVA431
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å auka studentane sin kunnskap om barnevernsarbeid på individ-og systemnivå: innovasjon og endringsarbeid, tiltak og evaluering. Studentane skal vidareutvikle sine kunnskap om makt, yrkesetikk og medverking i barnevernskontekstar. Kunnskap og ferdigheiter innom kommunikasjon og samarbeid i relasjon til barn og familiar i utsette og vanskelege livssituasjonar, kollegar, tverrfaglege og tverretatlege aktørar, og allmenta står også sentralt. Emnet gir også kunnskap om tema som organisasjonsutvikling og leiing, lokalsamfunnsarbeid og førebygging, tiltaksutvikling i barnevernet, kunnskapsbasert praksis og tilnærmingar til å evaluere både innovasjonsarbeid og tiltak.
Studentane tileigne seg også kunnskap og ferdigheiter innan prosjektplanlegging. I løpet av emnet utarbeider studentane sin prosjektskilding for masteroppgåvene i barnevernsarbeid.
Kompetansen studentane tileignar seg gjennom kurset er nødvendig for MABVA432.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal ha
- Avansert kunnskap om ulike former for innovasjons- og endringsarbeid på individ- og systemnivå
- Avansert kunnskap om lokalsamfunnsarbeid og førebygging knytt til barn, unge og familiar
- Avansert kunnskap om barnevernets tiltak, med særleg vekt på kompenserande tiltak
- Avansert kunnskap om ulike tilnærmingar til evaluering av innovasjons- og endringsarbeid på individ- og systemnivå
- Avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på kommunikasjon og samarbeid tilpassa målgruppa
- Avansert kunnskap om medverking, makt og etikk i ulike barnevernskontekstar
- Kunnskap om faktorar som hemmar og fremmar samarbeid om organisajonsarbeid, med lokalsamfunn, organisasjonar, og offentlege tenester for barn og familiar i utsette livssituasjonar
Ferdigheiter
Studenten kan
- kritisk anvende ulike teoretiske perspektiv på innovasjons og endringsarbeid på individ og systemnivå
- kartlegge og analysere moglegheiter for innovasjons- og endringsarbeid med ressursbaserte og problembaserte tilnærmingar
- bruke og forhalda seg kritisk til forskings- og erfaringsbasert kunnskap i innovasjons- og endringsarbeid, samt i utrednings- og tiltaksarbeid
- analysere og forhalda seg kritisk til omgrepet barnets beste og korleis bruke omgrepet i møte med barn og familiar
- analysere, bruke og forhalda seg kritisk til ulike perspektiv på kommunikasjon, samarbeid og medverking
- gjennomføra samtalar med barn og familiar i utsette livssituasjonar, samt relevante samarbeidpartnarar
- analysera og forhalda seg kritisk til både sin eigen og barnevernet generelt sin rolle, makt og myndighetsutøvelse i arbeid med barn og familiar i utsette livssituasjonar
- utvikle og planlegge prosjekter
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruke relevant kunnskap for å styrke barn og familiars rett til medverking
- identifisere og analysere relevante yrkesetiske problemstillingar og kritisk reflektere over korleis eigne verdiar kan innverke på profesjonelt arbeid
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent for å gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 2 dagar.
MERK: Tekst generert av ChatGPT og andre KI-tekstgeneratorar er ikkje tillate i innleverte skriftlege arbeideller i eksamenar.