Matematikkdidaktikk 1
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MATDID210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/dansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet undervises siste gang høsten 2025.
Emnet tek for seg læring og undervisning i faget matematikk. Også kunnskapar om og refleksjon over forkunnskapar og kunnskapsutvikling hos elevane, og dessutan arbeids- og vurderingsformer knytt til læring i matematikk står sentralt. Kunnskap om på kva måte undervisning kan planleggast, tilpassast og gjennomførast vil også høre med. Også det spesielle forholdet mellom matematikk og andre samfunnsområde vil bli belyst. Kunnskap og refleksjonar over matematikken sitt særpreg og konsekvensar for mål, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa blir tatt opp.
Døme på emne som kan bli tekne opp:
- matematisk kompetanse
- diagnostiske oppgåver
- arbeidsformer
- matematikkhistorie
- digitale verktøy
- matematikkvanskar
- problemløysing
- undervisningskunnskap
Emnet har fortrinnsvis fokus på ungdomstrinnet.
Læringsutbyte
Kunnskaper
Kandidaten skal kunne
- gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
- drøfte korleis ulike læringsteoriar kan gi grunnlag for ulike undervisningsformar og korleis læringssynet påvirker undervisningspraksisen
- gjere greie for eit utvida kompetanseomgrep for matematikk og kunne bruke dette til å analysere undervisninga
- drøfte kva kompetansar ein matematikklærar må stille med
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne
- bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere undervisning, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
- eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
- eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga
Generell kompetanse
Kandidaten skal kunne
- utvikla ein reflektert haldning til sin eiga rolle som lærar og korleis han kan vidareutvikle sine lærarkompetansar
- bruke didaktisk teori og eiga erfaring til å analysere matematikkfagets rolle i skulen og samfunnet på en sjølvstendig måte