Skulen i samfunnet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA122
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet sitt overordna mål er å gje studentane innsikt i den norske skulen som institusjon i samfunnet og ulike måtar skulen si rolle pregar handlingsrommet til lærarar.
Emnet har som mål å synleggjere skulen sitt skiftande samfunnsmandat og lovverk som forpliktar læraren sitt virke. Samstundes skal studentane få innsyn i korleis innhald og verksemd i skulen kan sjåast som politiske stridstema. Emnet vil mellom anna fokusere på forholdet mellom styring og kunnskapsutvikling i og om skulen.
Emnet tek opp korleis skulesystemet reproduserer ulikskap, med særskilt fokus på majoritets- og minoritetsperspektiv. Studentane vil gjennom emnet få innsikt i korleis skulen kan fremje likeverdig utdanning for alle gjennom inkludering og demokratisk medborgarskap.
Gjennom emnet skal studentane få innsyn i dagsaktuelle debattar om skulen og reflektere over lærarstanden sitt profesjonsetiske ansvar i diskusjonar om rammer som påverkar skulekvardagen til lærarar og elevar.
Emnet vil fremje dygder som kritisk tenking, integritet, rettferdssans og mot.
Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA103, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA122.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om skulen sitt skiftande samfunnsmandat og rolle som institusjon i samfunnet
- har kjennskap til korleis utdanningspolitikk og læreplanar formast i møtet mellom tradisjon og fornying
- har innsikt i faktorar som påverkar kunnskapsutvikling for og i skulen
- har kunnskap om korleis skulen kan arbeide for å fremje inkludering, demokratisk medborgarskap og likeverdig utdanning for alle
- har innsyn i nokre dagsaktuelle debattar som illustrerer korleis skulen og læraren sitt handlingsrom vert påverka
Ferdigheiter:
Studenten
- kan drøfte ulike måtar skulen si rolle i samfunnet pregar handlingsrommet til lærarar
- kan identifisere og analysere aktuelle utdanningspolitiske spørsmål
- kan reflektere kritisk over lærarstanden sitt det profesjonsetiske ansvar for å debattere og utfordre rammevilkåra i skulen
- kan nytte casemetodikk som verktøy til å reflektera over aktuelle problematikkar i lys av teori og forsking
Generell kompetanse:
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet
- kan orientere seg i faglitteratur, analysere og halde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i opne førelesingar og gruppevise seminar. Seminarundervisninga legg vekt på diskusjon. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ein skriftleg presentasjon av ein case knytt til eksamensteksten. Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing frå seminarleiar.
Førelesningar: 5 x 2 timar
Seminar: 5 x 2 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg casebasert semesteroppgåve.
Semesteroppgåva skal svare på ein sjølvvald problemstilling knytt til ein case utarbeidd i praksisperioden. Oppgåva er ein tekst som har blitt bearbeidd gjennom rettleiing og fagfelletilbakemelding gjennom store deler av semesteret. Omfang 3000 ord +/- 10%.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet