Kvalitative metodar i medier og kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kvalitative forskingsmetodar. Fokus er på humanistisk tekstanalyse og samfunnsvitskaplege metodar for intervju og observasjon. Emnet skal gi studentane ei teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter i å utføre slik forsking på medieuttrykk, innhald og praksisar. Det inkluderer også analyse/rapportering gjennom akademisk skriving. I delen om humanistisk tekstanalyse vert studentane introdusert for metodar for å studere medietekster med vekt på tolking, hermenutikk og semiotikk, samt retorikk. Emnet tek for seg sentrale omgrep og analysemåtar i desse tradisjonane, samt kva yteevne dei har til å svare på ulike typar av spørsmål. Fokus er på korleis medietekstar kan forståast i ein sosial og kulturell kontekst, og korleis meditekstar av mange slag (skrift og audiovisuelle) kan bevege publikum. I delen om intervju- og observasjonsmetoder får studentane innføring i forskingsprosessar knytt til kvalitative metodar i medier og kommunikasjon. Det gjeld problemstilling, innsamling av data og rapportering. Innføringen inkluderer også etiske og metodiske utfordringar ved å samle inn og analysere persondata, samt praktisk erfaring med innsamling og analyser. Digitale metoder og materiale inkluderes i emnet. Emnet byggjer på MEVIX101 og MEVIX102 og er del av den praktiske og metodisk orienterte søyla i programmet Medier og kommunikasjon. Søyla består også av emner i kvantitativ metode (MEVI125), samt bacheloroppgave-emnet (MEVI290).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale humanistiske metodar for analyse av medietekstar
  • har grunnleggjande kunnskap om intervju- og obsrvasjonnsmetode

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke sentrale humanistiske metodar for tolkning/analyse av medieuttrykk
  • kan planlegge og gjennomføre innsamling av intervju- eller observasjonsdata
  • kan analysere og rapportere avgrensa studier basert på innsamla data

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på MEVIX101 og MEVIX102
Studiepoengsreduksjon
MEVI102 (5 stp).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon, samt årsstudiet i medier og kommunikasjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar med gruppearbeid/"verkstad"
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på seminar (80 %) og godkjent prosjektoppgåve.

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 4 timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Kontinuasjonseksamen

I dette emnet tilbys ordinær eksamen for studenter med godkjent obligatorisk aktivitet, i begge semestre.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok førehandsgodkjent av fakultetet
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.