Introduksjon til medier og kommunikasjon: Fagtradisjoner, teoriar og akademisk skriving

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Våre liv og våre samfunn er gjennomsyra av media. Få område er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv.

Dette emnet introduserer medier og kommunikasjon som eit fagfelt i skjeringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medieteknologiar og kommunikasjonsformer, mediebruk og påverknad, media og demokrati, tekst, kultur og identitet, og viser korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla.

Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga inkluderer forelesningar, seminar og temadagar.

Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om modellar og perspektiv på forholdet mellom avsendarar, medietekstar og mottakarar i ein kommunikasjonsprosess.
  • har kunnskap om medievitskapen si plassering mellom humaniora og samfunnsvitskap, samt kunnskap om sentrale samfunnsvitskaplege og humanistiske teoriar og fagtradisjonar i disiplinen
  • har kunnskap om akademiske sjangre og skrivemåtar

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjere greie for sentrale medievitskaplege teoriar, perspektiv og omgrep
  • kan gjere greie for tekstlege konvensjonar i sentrale akademiske sjangrar
  • kan gjere greie for normer for sitering og referanseteknikkar i akademiske tekstar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon, samt årsstudiet i medier og kommunikasjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og fagdager.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminar og fagdag (80 %). Godkjent munnleg presentasjon av gruppeoppgåve i seminar, og godkjent skriftleg prosjektoppgåve (gruppeoppgåve).

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig inneverande og påfølgjande semester

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 4 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet)
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.