Kvantitative metodar i medier og kommunikasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MEVI125
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Medievitskapen studerer medienes institusjonar, tekster og publikum. Mange sentrale spørsmål på feltet handlar om å identifisere og forklare systematiske mønster i store mengder data om slike. Til dømes kan ein lure på om det er systematiske samanhengar mellom medie-eigarskap og innhold, variasjoner mellom kvinner og menn sin bruk av sosiale medier, samt om korleis lesing av politiske nyheiter varierer med sosial bakgrunn. Til motsetnad til kvalitative metodar er fokuset ikkje detaljerte kunnskapar om enkelte individ eller saker, men å finne fram til typiske mønstre. Forskningsspørsmål knytta til kvantitativ analyse krev ofte store datamengder og eigne metodar for datainnsamling og analyse. Emnet gjev ein introduksjon til to av dei viktigaste metodane for slike spørsmål i medievitskapen, henhaldsvis spørreskjema (survey) og kvantitativ innhaldsanalyse. Emnet er bygd opp kring to mindre forskingsprosjekt med utgangspunkt i desse metodane. Gjennom korte teoretiske innføringar, og praktisk opplæring og labarbeid i grupper får studentane handverksmessig erfaring. Dette gjelder heile prosessen frå formulering av forskingsspørsmål til konstruksjon av skjema, distribusjon og koding av data, samt statistisk analyse.
Emnet byggjer på MEVIX101 og MEVIX102 og er del av den praktiske og metodisk orienterte søyla i programmet Medierog kommunikasjon. Søyla består også av emner i kvantitativ metode og akademisk skriving (MEVI120, samt bacheloroppgave-emnet (MEVI290).
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om forskningsprosessar knytt til kvantitativ analyse
- har grunnleggjande kunnskap om survey-metode og kvantitativ innholdsanalyse
- har kjennskap til grunnleggjande og sentrale begreper innen kvantitativ datainnsamling og analyse
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan analysere ei avgresnsa problemstilling ved enkle statistiske metodar
- kan planleggje og utføre ein avgrensa survey og en avgrensa kvantitativ innholdsanalyse
- kan kritisk vurdere kvantitative analysar av mediebruk og medieinnhold
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjennomføre prosjektarbeid i grupper
- kan skrive forskingsrapport
- kan forstå og evaluere enkle framstillingar av kvantitative data
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen:
- Oppmøte på seminar (80 %).
- Gruppeinnlevering med problemstilling, metoderedegjørelse, analyse og drøfting av resultat.
Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
- Skuleeksamen 4 timar
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
I dette emnet tilbys ordinær eksamen for studenter med godkjent obligatorisk aktivitet, i begge semestre.