Introduksjon til medier og kommunikasjon: Metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Våre liv og våre samfunn er gjennomsyra av media. Få område er urørt av media si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. Korleis vert kunnskap om media og deira rolle i samfunnet til? Korleis vert data samla inn og analysert? Korleis finn vi svar på dei spørsmåla vi stiller?

Metodar er framgangsmåtar for å finne gode svar. Dette emnet gjev ein introduksjon til sentrale forskingsmetodar i fagfeltet. Media og kommunikasjon er tverrfagleg og nyttar metodar frå både samfunnsvitenskap, humaniora og teknologifag.

Emnet gjev ein introduksjon til kva metode er. Du lærer om kvalitative og kvantitative data, og om ulike metodar som vert nytta til å studere til dømes mediebransjen, medieinnhald, mediebruk, og folks haldningar og oppfatningar. Du får innsikt i korleis ulike metodar kan kaste lys over viktige spørsmål om media i samfunnet og i den digitale kvardagen.

På emnet blir du introdusert for metodar og tankemåtar du vil få fordjuping i seinare på studiet. Undervisninga inkluderer praktiske øvingar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kva metode er og kva rolle den har i faget
  • har kjennskap til sentrale kvalitative metodar i fagfeltet, som intervju, spørjeskjema, og tekstanalyse
  • har kjennskap til kvantitative og kvalitative data nytta i faget
  • har kjennskap til utfordringar og moglegheiter ved digitale data nytta i fagfeltet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere om ulike metodar er eigna for å studere eit gjeve mediefenomen og forskingsspørsmål
  • kan identifisere kva slags metodar som er brukt i undersøkjingar av media og kommunikasjon
  • kan attgje hovudstega i spørjeskjema- og intervjumetode
  • kan attgje sentrale omgrep i kvantiativ innhaldsanalyse og kvalitativ forteljeanalyse

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon, samt årsstudiet i medier og kommunikasjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i form av førelesingar og metodeverkstader, med praktiske øvingar og arbeid i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent oppmøte på metodeverkstad. Godkjent innlevering av øvingsoppgåver.

Godkjente obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 4 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.