Kvalitative metodar i medier og kommunikasjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i kvalitative forskingsmetodar. Fokus er på humanvitskapleg analyse av kommunikasjon og tekster, og samfunnsvitskaplege metodar for intervju. Emnet skal gi studentane ei teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter i å utføre slik forsking på kommunikasjon, medieinnhald og publikum. Det inkluderer også analyse/rapportering gjennom akademisk skriving. I delen om humanvitskapleg tekstanalyse vert studentane introdusert for nokre sentrale teoriar / metodar for å studere kommunikasjon og medietekster gjennom hermenutisk tolkande analyse og kritkk. Emnet tek for seg korleis sentrale omgrep og analysemåtar i desse tradisjonane kan brukast i konkrete analyser, samt kva yteevne dei har til å svare på ulike typar av spørsmål. Fokus er òg på korleis kommunikasjon og medietekstar av mange slag må forståast i ein sosial og kulturell kontekst, og korleis desse kan bevege publikum. I delen om intervjumetode får studentane innføring i kvalitative forskingsprosessar og tankemåter i media og kommunikasjon, spesielt med fokus på semi-strukturerte intervju. Det gjeld utvikling av problemstilling, forskingsdesign og rekruttering, innsamling av data, analyse og metodisk refleksjon. Emnet tar opp etiske retningsliner og utfordringar ved å samle inn og analysere slike persondata, og introduserer metodar som kan nyttast saman med intervju, som observasjon og mediedagbøker. Opplæringa er praktisk og inkluderer utprøving av intervjumetode. Emnet byggjer på MEVIX101 og MEVIX102 og er del av den praktiske og metodisk orienterte søyla i programmet Medier og kommunikasjon. Søyla består også av emner i kvantitativ metode (MEVI125), samt bacheloroppgave-emnet (MEVI290).

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale humanvitskaplege metodar for analyse av kommunikasjon og medietekstar
  • har grunnleggjande kunnskap om intervjumetode og relevant forskingsetikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke sentrale humanvitskaplege metodar for tolkning/analyse av kommunikasjon og medieuttrykk
  • kan planlegge og gjennomføre innsamling av intervjudata
  • kan analysere og rapportere frå ein mindre studie av kommunikasjon/tekster eller ein intervjustudie

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Byggjer på MEVIX101 og MEVIX102
Studiepoengsreduksjon
MEVI102 (5 stp).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon, samt årsstudiet i medier og kommunikasjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar med gruppearbeid/"verkstad"
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på seminar (80 %) og godkjende innleveringar i samband med undervisninga.

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, 4 timar

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok førehandsgodkjent av fakultetet
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.