Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjuping i norsk
Masteremne
- Studiepoeng
- 45
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NORMAU655
- Talet på semester
- 3
- Undervisningsspråk
- Norsk. Svensk og dansk kan òg verte nytta.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
På samlingane skal studantane leggje fram eksempel på progresjon i arbeidet med masteroppgåva og gi og få respons på arbeidet. Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Masteroppgåva skal etter fritt val skrivast på nynorsk eller bokmål. Minst ein skriftleg eksamen i kursdelen skal skrivast på det skriftspråket som ikkje er brukt i masteroppgåva. Studentane skal ved innlevering av masteroppgåva dokumentere at dei har levert skriftlege arbeid på begge skriftspråka i løpet av masterstudiet.
Det er obligatorisk med rettleiing på masteroppgåva, og studenten må skrive kontrakt med ein rettleiar i starten av det semesteret når arbeidet med sjølve masteroppgåva tek til.
Vurderingsformer
Masteroppgåve på 60-100 sider med justerande munnleg eksamen.
Masteroppgåva skal etter fritt val skrivast på nynorsk eller bokmål. Minst ein skriftleg eksamen i kursdelen skal skrivast på den målforma som ikkje er brukt i masteroppgåva. Studentane skal ved innlevering av masteroppgåva dokumentere at dei har levert skriftlege arbeid på begge målformene i løpet av masterstudiet.
Instituttet reknar at ei normalside har om lag 2000 teikn eller 350 ord. Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sidetalet. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale. Korte samandrag av innhaldet på norsk og på engelsk skal takast med i oppgåva.
Samandraga skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittel på oppgåva, kortpresentasjon av emnet, kva materiale oppgåva byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene) problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram.
Etter at oppgåva er godkjend og evaluert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/ eller faghistorisk profil i oppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
8. semester.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.