Nordisk: Språksystem og språkbruk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NOSP104
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av det moderne norske språksystemet: lyd, ord, setning og tekst. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav.
Innhald:
Grammatikk (morfologi og syntaks) utgjer den mest omfattande delen av emnet. Andre tema er tekstlingvistikk/pragmatikk, fonetikk/fonologi og semantikk/ordforråd.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
har brei og god kunnskap om moderne norsk morfologi og syntaks
har grunnleggande kunnskap om tekstlingvistikk og pragmatikk
har grunnleggande kunnskap om artikulatorisk fonetikk og norsk fonologi
har grunnleggande kunnskap om semantikk og ordforråd
har noko kunnskap om likskapar og skilnader mellom norsk og andre språk
Ferdigheiter
Studenten
kan bruke kunnskapane i språklege analysar og oppgåver
kan framstille språklege fenomen klart og riktig
skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
er i stand til å studere norsk språksystem og språkbruk på meir avansert nivå
kan bruke kunnskapar om norsk språksystem og språkbruk i framtidige yrke
kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språksystem og språkbruk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av førelesingar og oppgåveseminar. Det er obligatorisk å delta på seminara (sjå nedanfor).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.