Prosjektoppgåve i fysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS117
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studenten skal gjennomføre eit forskingsprosjekt i samarbeid med ein medstudent, skrive ein rapport i vitskapleg stil, og munnleg formidle problemstilling og resultat.
Innhald:
Emnet går ut på å gjennomføre eit prosjekt i ei forskingsgruppe under fagleg rettleiing og skrive ein prosjektrapport (gruppearbeid). Temaet blir valt i samråd med kursleiar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- setje seg grundig inn i ei ny problemstilling i fysikk.
- arbeide systematisk med same problemstilling over lengre tid.
- tileigne seg djupare kunnskapar om temaet gjennom dette arbeidet.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- samarbeide med andre studentar.
- Dokumentere og drøfte funn og resultat
- skrive ein rapport i vitskapleg stil.
- munnleg presentere prosjekt og resultat
Generell kompetanse
Studenten kan
- setje seg inn i nye problemstillingar.
- ta nødvendige steg for å sikre framdrift av prosjektet
- samarbeide med andre studentar og vitskapleg rettleiar
- skrive rapportar og presentere og diskutere resultat
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gjennomført prosjektarbeide, rapport og presentasjon
Vurderingsformer
Rapporten og presentasjonen vurderes etter skala «godkjent/ikke godkjent»
Karakterskala
Kun Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Kun haust
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.