Moderne fysikk II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS119
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten oversikt over materiens oppbygging frå elementærpartiklar til faste stoff, væsker og gassar.
Emnet skal formidle forståing for moderne partikkelfysikk og kjernefysikk. Studenten lærer også å bruke statistisk fysikk som bindeledd mellom mikrofysikken og makrofysikken.
Innhald:
Emnet startar med utleiing av dei statistiske fordelingslovene (Maxwell-Boltzmann, Fermi-Dirac og Bose-Einstein). Deretter behandlar emnet oppbygginga og strukturen av materie, frå enkle molekyl til faste stoff. Så gjennomgår emnet atomkjernens oppbygging og viktige kjernefysiske forvandlingsprosessar (radioaktivt henfall, fisjon og fusjon), og førekomst av slike prosesser i sola og på jorda. Emnet diskuterer påvising av kjernefysiske forvandlingsprosessar, bruksområder og skadeeffektar. Vidare beskriv emnet Standardmodellen for dei grunnleggjande partiklene og deira vekselverknad via Feynmandiagram. Til slutt diskuterer emnet utviklinga av universet frå det store smellet og til vår tid.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- veit korleis dei statistiske fordelingslovene vert utleda, og forskjellane mellom dei.
- forstår korleis fordelingslovene vert brukte i beskrivinga av faste stoff og gassar.
- kjenner til kjernefysiske prosessar, radioaktivitet og ioniserande stråling
- kjenner til Standardmodellen i partikkelfysikk og vekselverknad mellom elementærpartiklar.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- utlede og anvende dei statistiske fordelingslovene på enkle problem.
- gjere greie for radioaktivitet og andre kjernefysiske prosessar, og utføre enkle utrekningar
- gjere greie for kjernefysiske bruksområder og skadeverknad
- gjere greie for Standardmodellen i partikkelfysikk
- teikne Feynmandiagram og ut frå dette gjenkjenne likheitstrekk til ulike reaksjonar og prosessar
Generell kompetanse
Studenten har fått
- kunnskapar av nytteverdi for vidare arbeid i fysikk på mastergradsnivå
- trening i å utføre berekningar og løyse problem med fagrelevante verktøy
- fagleg innsikt til å formidle dei sentrale delane av moderne fysikk til folk flest
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent obligatorisk oppgåve. Oppgåvene er gyldig i 6 semester.
Ikke-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetshensynmuliggjør det. Ved begrenset kapasitet skal studenter som har hatt gyldig fravær fra aktiviteten prioriteres foran studenter som ikke har hatt gyldig fravær.