Bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SANT260
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal
- ha innsikt i ein sjølvvalgt tematikk og region
Ferdigheit
Studenten skal
- kunne velje, avgrense og strukturere ein tematikk for fagleg utgreiing
- kunne gjennomføre eit vitskapleg resonnement med utgangspunkt i sosialantropologisk litteratur
- kunne drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum
- vise forståing for samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i eigen tekstproduksjon
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne strukturere argument og evidens innan rammene av ein vitskapleg sjanger
- kunne analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, identifisere sentrale argument i tekstar, relatere og samanlikne ulike akademiske tekstar og formulere ei samla framstilling av dette
- kunne nytte bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant sekundærinformasjon i utarbeiding av eige prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 10-12 veker
- 15-20 timer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte, innleveringar og rettleiingar.
- Det er obligatorisk oppmøte på forelesingar/seminarar
- Det er obligatoriske innleveringar undervegs i semesteret, samt oppmøte på rettleiingar. Det gis kun rettleiing når det er levert inn tekst i forkant.
- Innlevering av utkast til siste rettleiing må være på minimum 3000 ord.
Detaljert plan for alle aktivitetar blir tilgjengeleg ved semesterstart.
Obligatoriske arbeidskrav må være gjennomført for å kunne levere inn bacheloroppgåva. Godkjend arbeidskrav er gyldig 3 semester.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve (6000 ord +/- 10 %) og justerande munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.