Bacheloroppgåve i sosiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS202
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Hovudmålet med bacheloroppgåva er at studentane skal lære å foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i sosiologisk litteratur.
Ein får ei generell innføring i korleis ein skriv ei større sosiologisk drøftingsoppgåve og skal deretter skrive ei slik oppgåve, bacheloroppgåva, med støtte frå ein fagleg vegleiar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der ei sjølvvald problemstilling blir drøfta ut frå sosiologiske perspektiv. Dette kan anten gjerast som ei reint teoretisk drøfting, ei drøfting basert på tidlegare empirisk forsking, ei eiga undersøking av empiriske data, eller ein kombinasjon av desse. Under arbeidet med oppgåva må ein sette seg grundig inn i eit sosiologisk tema. Etter at oppgåva er skrive skal den presenterast munnleg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for faglitteratur, inkludert nyare faglitteratur, om eit vald tema, og spesielt for dei teoretiske og metodiske problemstillingane som blir tatt opp i denne litteraturen
Ferdigheter
Studenten kan
- utforme ei sosiologisk problemstilling og lage eit opplegg for undersøkingane og analysane ein treng for å handtere problemstillinga
- lage ei samanhengande fagleg basert argumenasjonsrekkje og presentere den skriftleg.
- følgje anerkjente standardar for utforming av faglege rapportar
- skaffe seg oversikt over litteratur, teoriar og metodar som har vore viktige i forskinga om problemstillingar av det slaget ein har vald
- samle inn og analysere informasjon av det slaget som blir brukt i oppgåva og følgje forskingsetiske normer for handsaming av slik informasjon
- gje ei klar skriftleg framstilling av eigne analyser og analyseresultat
- formidle eige arbeid munnleg
- bruke kjelder og referansar på forsvarleg vis og følgje normer for heiderleg framferd i forskingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten kan
- arbeide sjølvstendig under vegleiing med eit større prosjekt, og fullføre prosjektet innan gjevne tidsfristar og innanfor dei etiske normene for forskingsarbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og rettleiing.
Ein har kun rett på rettleiing i et semester.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Innlevering av Temavalg med litteraturgjennomgang
Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
- Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202 fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
- stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
- trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
- gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.
- Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
- Instituttet ved emneansvarlege for SOS202, avgjer søknaden
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust og vår
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 7 dagers utsatt frist.