Bacheloroppgåve i sosiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SOS202-L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale.
Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data frå tidlegare forsking.
Læringsutbyte
- Gjere greie for relevant faglitteratur om eit eige vald tema og vise innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar knytt til tema.
- Utforme ei sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema.
- Gjere eit utval og analysere ulike typar empirisk og/eller teoretisk materiale, samt disponere og framstille sjølvstendig eit skriftleg sosiologisk arbeid.
- Gjennomføre ein sjølvstendig innsamling og analyse av relevant forskingslitteratur og empirisk materiale om eit avgrensa tema, og presentere denne analysen på ein kortfatta og oversikteleg måte.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og rettleiing.
Ein har kun rett på rettleiing i eit semester.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav har ingen tidsavgrensing
Vurderingsformer
Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202-L fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202-L. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
Instituttet ved emneansvarlege for SOS202-L, avgjer søknaden.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.sos@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 7 dagers utsatt frist.