Dramaturgi i teori og praksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TEAT113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller andre skandinaviske språk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Formålet med emnet er å gi studenten ei grunnleggande forståing for dramaturgi som analytisk og strukturerande verktøy i teaterarbeid. Gjennom emnet skal studenten få teoretisk, historisk og praktisk kompetanse innanfor dramaturgi.
Emnet består av tre hovuddelar:
1. Teoretisk og historisk innføring i dramaturgi.
2. Workshop eller seminar om dramaturgisk tekstarbeid, analyse og konseptutvikling. Her kan dramatikarar, utøvande dramaturgar eller regissørar bidra som gjesteundervisarar.
3. Ekstern praksis kor studentane gruppevis skal vere observatørar eller dramaturgiske praktikantar i samband med teaterproduksjon ved ein teaterinstitusjon eller i det frie scenekunstfeltet.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- kunnskapar om dei viktigaste dramaturgiske teoriar frå antikken til i dag
- kunnskapar om eit utval av dramatiske tekstar frå europeisk teaterhistorie
- kunnskapar om dramaturgisk praksis i samband med produksjon av scenekunst og andre performative kunstformer
- forståing av sambandet mellom teori og praksis i dramaturgi.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- laga ei dramaturgisk analyse av ein teatertekst
- nytte dramaturgisk teori i analyser av teaterframsyningar eller annan performativ framsyning
- gi ei skriftleg og munnleg utgreiing om ei dramaturgisk problemstilling
- formulere eit dramaturgisk konsept for teaterframsyning i dialog med samarbeidspartnarar som regissør, scenograf og skodespelarar.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- arbeide praktisk med dramaturgi i samband med produksjon av scenekunst
- tileigne seg nye kunnskapar om dramaturgiske teoriar og praksisar
- analysere nye former innanfor scenekunst i lys av dramaturgiske teoriar
- reflektere analytisk og kritisk om regikunst innan samtidas teater. teater i samtida.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, workshops og ekstern praksis.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen og ein justerande munnleg eksamen. Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.