Masteroppgåve i teatervitskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- TEAT350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid basert på godkjend prosjektskildring utvikla i TEAT302. Tema, problemstilling og metode for masteroppgåva skal vere omtalt i prosjektskildringa.
Masteroppgåva skal vere på 70 - 110 normalsider.
Føremålet for masteroppgåva er å gi studenten erfaring med sjølvstendig vitskapeleg arbeid og produsere ny kunnskap med fagleg relevans. Som eit skriftleg akademisk arbeid skal masteroppgåva byggje på eit sjølvstendig studium av eit avgrensa forskingsmateriale.
Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar i samsvar med rettleiingskontrakten, men det er studenten som på sjølvstendig, kritisk og metodisk vis skal utvikle masteroppgåva til eit vitskapleg bidrag til faget.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført masteroppgåva har studenten
- avanserte kunnskapar om og spesialisert innsikt i eit avgrensa felt eller emne innanfor teatervitskapen sine fagområdar
- avanserte kunnskapar om utvalde teatervitskaplege teoriar og metodar
Ferdigheiter
Etter fullført masteroppgåva kan studenten
- planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- analysere og vurdere eit forskingsmateriale kjeldekritisk
- nytte teatervitskaplege teoriar og metodar til å analysere teaterfaglege og teatervitskaplege problemstillingar
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- drøfte, argumentere og ta sjølvstendig standpunkt til problemstillingar innan teaterforsking
- formulere akademiske tekstar på eit høgt nivå
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert gitt individuell rettleiing knytt til arbeidet med masteroppgåva. Studenten får tildelt ei rettleiar når prosjektskildringa (TEAT302) er godkjend, normalt ved slutten av fyrste semester. Student og rettleiar underskriv ein rettleiingskontrakt som klargjer rettar og plikter for begge partane.
Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar i samhøve med rettleiingsavtalen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg masteroppgåve med justerande munnleg prøve. Den munnlege prøva kan justere karakteren på masteroppgåva med éin bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.