Utplassering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TVP261
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi studenten relevant arbeidsrøynsle gjennom utplassering hjå samarbeidspartnarar i og utanfor medieklynga.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- tileignar seg bransjekunnskap samt teoretisk og analytisk kunnskap knytt til sin fagfunksjon gjennom utplassering i lokal mediebedrift.
Ferdigheiter
Studenten
- vidareutviklar relevante praktiske ferdigheiter gjennom arbeid i lokal mediebedrift.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan sin valde fagfunksjon
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor fagfunksjonen, og såleis bidra til å utvikle god praksis
- kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor valde fagfunksjon, og gjennom det bidra til utvikling av god praksis
- kan planlegge og gjennomføre varierte oppgåver innan fagleg relevante produksjonar som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe med ulike fagfunksjonar, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan sin fagfunksjon, men også sett i samanheng med andre fagfunksjonar
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Utplasseringa finn stad i ulike mediebedrifter, medan noko fellesaktivitet skjer i Media City Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
TVP203 (10 studiepoeng)
TVP201 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Utplassering/praktisk arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Rapport/audiovisuell dokumentasjon frå utplasseringa, samt presentasjon av denne i MCB.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Eksamen blir berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.