Arkeologi mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- ARK350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Kunnskap
Ved fullført masteroppgåve har studenten avansert kunnskap innanfor fagfeltet og spesialisert innsikt i et avgrensa område. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har studenten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, samt ei god forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.
Ferdigheiter
Studenten er kompetent til å utøve forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Ved fullført emne kan studenten analysere eit avgrensa arkeologisk tema og handtere arkeologiske kjelder og litteratur, ta i bruk arkeologiske metodar og drøfte dei i lys av relevante teoriar. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.
Generell kompetanse
Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten vist sin kompetanse til å utøve arkeologisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggjande normer som akademisk disiplin. Studenten er kvalifisert til å analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglige resonnement. Studenten kan problematisere og reflektere omkring omgrep, kunnskap, teori og metode. Studenten har òg kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Masteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil éin karakter opp eller ned.
Masteroppgåva skal vere på mellom 20 000 og 30 000 ord, tabellar inkludert. Figurar og litteraturliste kjem i tillegg. Vedlegg er tillete etter godkjenning frå rettleiar.
Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.