Yrkespraksis i biologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BIO298
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Praksisopphaldet skal bidra til at studenten opplever verdien av den faglege kompetansen i biologi for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.
Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftene sine behov.
Lista over årets praksisplasser og søknadsskjema blir publisert første veka i januar.
Les om årets praksisplassar og korleis du søker her.
Spørsmål? Ta kontakt med Studieseksjonen (
Omfang: Totalt ca. 250 timar. Minimum 140 timar skal vere arbeid hos praksisverten. Studentane skal også skrive fire blogginnlegg, eit refleksjonsnotat, møte til to samlingar (informasjonsmøte og midtsemestermøte) og gje ein kort presentasjon av praksisopphaldet sitt. Praksisrapport må få karakter "Bestått" for at ein skal bestå emnet.
Læringsutbyte
Etter fullført praksis skal studentane
- ha fått generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
- ha fått innblikk i arbeidsoppgåver i organisasjonar, etatar, og næringsliv som kandidaten etter fullførte studiar skal vere i stand til å løyse
- kombinere teori med erfaringsbasert læring
- reflektere over forholdet mellom teori og praksis
- arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
- beskrive korleis ein bedrift/organisasjon organiserer arbeidet
- bruke biologisk kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
- oppsummere eit arbeid i form av ein prosjektrapport
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk informasjonsmøte.
- Obligatorisk midtsemestermøte.
- Obligatorisk praksisopphald (min. 3 veker).
- Obligatorisk presentasjon av praksisopphaldet.
Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for at ein skal få vurdering av praksisrapporten, som gjev karakter i emnet.
Vurderingsformer
- Praksisrapport, utgjer 100% av total karakter.