Proteinstrukturbestemming, validering og analyse
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BMED326
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Molekylær strukturbiologi er eit sentralt felt for å forstå strukturen og funksjonen til biologiske makromolekyl og det molekylære grunnlaget for sjukdom. Kurset vil fokusere på vanlege teknikkar innan strukturbiologi, inkludert røntgenkrystallografi, småvinkelrøntgenspredning, og kryo-elektronmikroskopi, med vekt på strukturbestemming og validering. Vi vil diskutere case-studiar innan integrert strukturbiologi. Praktisk hands-on-opplæring inkluderer fjernstyring av synkrotrondatainnsamling og -prosessering, løysing av ein proteinstruktur ved hjelp av røntgenkrystallografi, analyse av småvinkelrøntgenspredningsdata, samt strukturanalyse og validering. Vi vil også introdusere og bruke offentlege databasar for makromolekylær struktur og eksperimentelle data. Kvar student vil få ein praktisk case-studie som skal presenterast for klassen og diskuterast.
Læringsutbyte
Kunnskap: Etter å ha fullført kurset vil deltakarane:
- Vere kjende med hovedmetodane innan molekylær strukturbiologi.
- Forstå den generelle arbeidsflyten for å bestemme proteinstrukturer.
- Ha innsikt i prøvepreparering og krav til strukturbiologi.
- Vere kjende med lokale og internasjonale infrastrukturar som kan bli nytta til strukturbiologiske eksperimenter.
Ferdigheiter: Etter å ha fullført kurset vil deltakarane kunne:
- Delta i prøvepreparering og strukturbestemming.
- Bruke standard strukturbiologisk programvare.
- Gjennomføre validering av proteinstrukturar.
- Visualisere og analysere proteinstrukturar og elektrontetthetskart.
Generelle kvalifikasjoner: Etter å ha fullført kurset vil deltakarane kunne:
- Kritisk evaluere vitskaplege resultat innan strukturbiologi.
- Analysere og presentere strukturbiologiske data og diskutere påliteligheita til desse.
- Planlegge prosjekt som nytter seg av strukturbiologiske metodar.
- Delta i strukturbiologiske prosjekt.
Studiepoeng, omfang
5 SP
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår.
Krav til forkunnskapar
Studentar som er teke opp på masterprogrammet i biomedisin ved Universitetet i Bergen, har full tilgang til kurset.
Tilrådde forkunnskapar
Biofysikk, molekylærbiologi, kjemi, farmasi eller tilsvarande på bachelornivå. Generell forståing av proteinstruktur og biokjemi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen overlappande kurs.
Krav til studierett
Studenter på masterprogrammet ved universitet i bergen.
Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 5. Studentar i biomedisin er prioritert.
Arbeids- og undervisningsformer
- Førelesingar 5 x 2 t.
- Praktiske øvingar og hands-on-øvingar om prøveførebuing, datainnsamling, dataproessering og strukturbestemming (5 x 2 t).
- Leseoppgåver og nettbaserte ressursar.
- Prosjekt og presentasjon (10 t)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i førelesingar
- Deltaking i øvingar og oppgåver
- Praktisk prosjekt og presentasjon for klassen
Vurderingsformer
Vurdering av det praktiske prosjektet og den tilhøyrande presentasjonen.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Programansvarleg
Programutvalget for biomedisin
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for biomedisin