Tumorbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Gi kunnskap om grunnleggjande prosessar som fører til kreftutvikling, korleis kreftceller skil seg frå vanlege celler, korleis dei molekylære eigenskapane til kreftceller fører til overlevnad i kroppen, og dei molekylære og cellulære mekanismane i kreftbehandling.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Definere sentrale omgrep innan tumorbiologi.
  • Beskrive mekanismar som transformerer ei normal celle til ei kreftcelle.

Ferdigheiter og generell kompetanse

  • Forklare på kva måte vanleg kreftbehandling fungerer på cellulært/molekylært nivå, og kva som er årsaka til at effekten av terapien kan avta over tid.

Undervisningssemester

Vår

Masterstudentar frå andre program og fakultet er velkomne til å søkje om opptak.

For å melde interesse og sende motivasjon, ver venleg å sende ein e-post til: med-ibm-studiesaker@uib.no.

Krav til forkunnskaper

Biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande på bachelornivå, helst avslutta med grad.

Studiepoengsreduksjon
HUCEL370 (3 ECTS), HUCEL372 (7 ECTS)
Arbeids- og undervisningsformer
Omkring 20 timar forelesing over ei periode på omlag 4 veker
Vurderingsformer
4 timars skriftleg eksamen.
Karakterskala

A-F

Litteraturliste

Litteraturliste finn du på emnesida på uib.no. Lista vil vere klar innan 01.07. / 01.12. for det komande semesteret.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.