Masteroppgåve i biomedisin
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- BMED395
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Arbeidet med masteroppgåva skal lære studentane å planleggje, gjennomføre og presentere eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Vidare skal studenten opparbeide seg teoretisk dybdekunnskap innanfor oppgåva sitt forskningsfelt gjennom originallitteratur og faglege diskusjonar. Studenten deltar i eit aktivt fagleg miljø gjennom dagleg kontakt med forskarar og andre studentar.
Bruk av kunstig intelligens (KI)
Bruk av KI-verktøy i akademisk arbeid skal vere basert på prinsippa om ærlegdom, openheit og fagleg integritet. Studentar skal følgje Det medisinske fakultetet sitt klassifiseringssystem for KI-bruk (nivå A–D), og tydeleg dokumentere kva nivå som gjeld for deira masteroppgåve.
Studentansvar
- Eiga vurdering: Studentar skal sjølve vurdere og opplyse om kva nivå av KI-bruk som er nytta i oppgåva, i tråd med det offisielle klassifiseringssystemet.
- Kritisk vurdering: KI-generert innhald skal ikkje brukast ukritisk. All informasjon må kontrollerast, faktasjekkast og integrerast med fagleg grundigheit.
- Val av verktøy: Studentar vert oppmoda til å bruke sikre og institusjonsstøtta KI-verktøy. Ved Universitetet i Bergen (UiB) er Microsoft Copilot og UiBchat tilgjengeleg og rekna som eit trygt alternativer for akademisk bruk.
For meir informasjon om klassifiseringssystemet og retningslinjene, sjå:
www.uib.no/med/174307/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-det-medisinske-fakultet
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Bevise teoretiske og praktiske spesialkunnskapar innanfor masteroppgåva sitt fagområde.
Ferdigheter og generell kompetanse
- Meistre metodane som er naudsynte for å utføre det relevante forskingsprosjektet.
- Planleggje og utføre sjølvstendige, vitskapeleg eksperiment.
- Søkje og kritisk evaluere relevant vitskapleg litteratur.
- Kritisk evaluere eigne funn og diskutere dei i høve til publisert litteratur.
- Kommunisere eigne forskingsresultat på ein vitskapleg måte, munnleg og skriftleg.
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Masterprosjekta er forankra i eksperimentell fysiologisk, cellebiologisk og molekylærbiologisk forsking eller skrivebordsforsking (biletbehandling og modellering) avhengig av kva for retning du velger. Omfanget av rettleiing vil variere noko mellom dei ulike prosjekta. Minimum antall rettleingstimar du har krav på, er stadfesta i den skriftlige rettleiingskontrakten som vert oppretta mellom student, rettleiar(ar) og leiar for arbeidsstad.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Etter at masteroppgåva er innlevert og godkjend, vert studiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen. Denne eksamenen består av ein offentleg presentasjon på 30 minuttar, der studenten gir ein oversikt over oppgåva. Sensorar og rettleiar(ar) skal vere til stades. Deretter følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale med sensorar og rettleiar(ar) om oppgåva.
Før presentasjonen skal det vere sett ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen/samtalen verke justerande på den endelige karakteren på oppgåva. Den endelige karakteren vert gjort kjend for kandidaten og skal stå på karakterutskriften.
Den avsluttande munnlege mastereksamenen finn normalt stad innan utgangen av det 4. semesteret, og seinast innan 2 månader etter innlevering av oppgåva.