Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Hovudmålet med kurset er å sikra etisk og human bruk av dyr i biomedisinsk forsking. Studentane vil læra prinsippa for forsøksdesign og korleis ein samlar inn pålitelege, objektive og reproduserbare forskingsdata frå dyreforsøk. Kurset omhandlar bruk av vanlege modellorganismar i biomedisinsk forsking: mus, rotter, gris og modellfisk (sebrafisk, medaka).

Kurset dekkjer den teoretiske opplæringa for personell som skal planleggja og/eller gjennomføra dyreforsøk i Noreg (funksjon A og B). Kurset oppfyller kompetansekrava i Forskrift om bruk av dyr i forsøk (FOR-2015-06-18-761, § 24 og Vedlegg E), som svarer til artikkel 23 og vedlegg 5 i direktiv 2010/63/EU. Kurset dekkjer læringsmåla for funksjon A og B i EU-kommisjonens rammeverk for utdanning og opplæring innan forsøksdyrkunnskap (https://op.europa.eu/en/publication-detail/-/publication/fca9ae7f-2554-11e9-8d04-01aa75ed71a1/language-enf)

For å utføra prosedyrar på dyr (Funksjon A) må studentane også fullføra CAREIN praktisk opplæring. Den praktiske opplæringa blir tilboden som eigne kurs ved samarbeidsuniversiteta i CAREIN (NMBU, NTNU, UiB, UiO, og UiT).

Det teoretiske kurset dekkjer modulane som er nødvendige for EU-funksjon A og B for dei relevante artsgruppene. Meir spesifikt dekkjer kurset følgjande teoretiske EU-modular:

Kjernemodular:

1. Nasjonal lovgiving

2. Etikk, dyrevelferd og dei 3rene (nivå 1)

3.1 Grunnleggjande og relevant biologi hos aktuelle dyreartar

4. Stell, tilsyn, helse og rutinar for dyrehald

5. Gjenkjenning av smerte, liding og stress

6.1 Humane avlivingsmetodar

Funksjonsspesifikke modular for funksjon A og B:

7. Minimalt invasive prosedyrar utan anestesi

9. Etikk, dyrevelferd og dei 3rene (nivå 2)

10. Design av forsøk (nivå 1)

11. Design av forsøk (nivå 2)

Oppgåvespesifikke tilleggsmodular for funksjon A og B:

20. Anestesi for mindre prosedyrar

21. Anestesi for kirurgiske eller langvarige inngrep

22. Kirurgiske prinsipp

Læringsutbytte

Læringsutbytta er tilpassa dei detaljerte læringsmåla for dei aktuelle modulane i EU-kommisjonens rammeverk for utdanning og opplæring (https://op.europa.eu/en/publication-detail/-/publication/fca9ae7f-2554-11e9-8d04-01aa75ed71a1/language-e ).

Etter å ha fullført kurset vil studentane oppnå følgjande overordna læringsutbyttar, beskrive i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan…

  • gjera greie for norsk og europeisk regelverk for bruk av dyr i forsøk
  • forstå dei sentrale rollene og ansvarsområda til personell som er involvert i forsøk med dyr
  • identifisera og forstå etiske og dyrevelferdsmessige problemstillingar knytte til bruk av dyr i forsking
  • beskriva og drøfta prinsippa for dei tre Rene og korleis desse kan implementerast i ein konkret studie
  • beskriva grunnleggjande biologi (anatomi, fysiologi, genetikk og åtferd) for relevante dyremodellar
  • gjera greie for korrekt handtering og rutinar for dyrehald for dei relevante forsøksdyrartane
  • kjenna igjen og beskriva prinsippa for smerte, smertebehandling, humane endepunkt og human avliving for dei aktuelle forsøksdyra
  • identifisera moglege helserisikoar for menneske ved arbeid med forsøksdyr og beskriva formålstenlege vernetiltak
  • gjera greie for vanlege art-spesifikke eksperimentelle prosedyrar
  • identifisera og forklara sentrale faktorar som må vurderast ved planlegging og design av dyreforsøk
  • beskriva og forstå prinsippa for anestesi og analgesi
  • beskriva og forstå grunnleggjande kirurgiske prinsipp

Ferdigheiter

Studenten kan...

  • vurdera bruken av og bruka alternativ og supplement til dyreforsøk
  • gjera kvalifiserte vurderingar av etiske og dyrevelferdsmessige problemstillingar, og handtera desse på ein formålstenleg måte
  • aktivt identifisera og ta omsyn til faktorar som kan påverka vitskaplege resultat og pålitelegheita av dyreforsøk
  • gjera kvalifiserte val om bruk av analgesi, anestesi, humane endepunkt og avliving
  • ha ei medviten haldning til førebygging av helserisiko for menneske ved arbeid med forsøksdyr

Generelle kompetansar

Studenten kan...

  • planleggja og forma ut forsøk med dyr
  • utføra prosedyrar på dyr under rettleiing, og med tida arbeida sjølvstendig

Studiepoeng, omfang

8

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Kurset er nettbasert (i Mitt UiB).
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande innan biologi, fysiologi, livsvitskap, biomedisin eller andre relevante fagområde.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Det er eige opptak til emnet via Søknadsweb
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset blir gjennomført digitalt ved bruk av Mitt UiB som læringsplattform. Undervisninga består både av sjølvstudium (førehandsinnspelte forelesingar, videoar, skriftleg materiale og sjølvtestar) og dessutan nettbasert undervisning i sanntid (gruppearbeid og plenumssesjonar).

Kurset går over ein periode på omtrent 12 veker og inkluderer sjølvstudium, nettbaserte undervisningsaktivitetar i sanntid og eksamen. Arbeidsmengda for sjølvstudia er estimert til omtrent 4 veker, men vil variera avhengig av fagleg bakgrunn og erfaring (særleg innan vertebratbiologi og fysiologi). Undervisningsaktivitetane i sanntid blir gjennomførte på ein fast vekedag i løpet av kursperioden (vanlegvis onsdagar).

Studentar som ikkje følgjer progresjonen eller ikkje fullfører obligatoriske aktivitetar innan tidsfristane (til dømes sjølvtestar, undervisning og gruppearbeid i sanntid), vil ikkje få halda fram på kurset eller gå opp til eksamen.

Kurset er utforma som eit som eit heilskapleg og strukturert opplæringsprogram for å oppfylla lovverkskrava til teoretisk opplæring for arbeid med forsøksdyr. Derfor blir det forlangt at alle aktivitetar må fullførast innanfor ramma av kvart kurs. Kvar enkelt aktivitet er ikkje gyldig utover det aktuelle kurset, medan samla gjennomført undervisning (alle dei obligatoriske aktivitetane) er gyldige i tre semester: undervisningssemesteret og dei to følgjande semestera.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Individuelle sjølvstudieoppgåver og testar innanfor gitte fristar
  • Deltaking i nettbasert sanntidsundervising (min. 80 % deltaking).
  • 45 minutters lærarovervåka flervalgstest (MCQ) i Canvas/Mitt UiB

Aktivitetane må godkjennast for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Undervisinga i CAREIN går føre seg integrert og sekvensielt, og skal gje studentane ein heilskapleg og naudsynt opplæring i dyreforsøk. Derfor krevjast det at dei obligatoriske undervisingsaktivitetane gjennomførast samla innanfor kvart kurs. Kvar aktivitet er einskild ikkje gyldig utover det enkelte kurs, medan samla gjennomført undervising (alle aktivitetane) er gyldig i tre semester: undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer
  • Fullføring av nettbasert undervisningsmateriell og individuelle sjølvtestar innan fastsette tidsfristar
  • Deltaking i nettbaserte undervisningsaktivitetar i sanntid (minimum 80 % oppmøte)
  • Førebu seg til og delta aktivt i gruppearbeid (oppmøte blir registrert)
  • Innlevering av gruppearbeid
  • Nettbasert fleirvaleksamen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Tilgjengeleg i Mitt UiB når kurset startar.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvart tredje år, i medhald av UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillete på heimeksamen.
Programansvarlig
Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1
Emneansvarlig

Kurskomiteen og kurskoordinatorane består av faglege representantar frå institusjonar som deltek i Carein-konsortiet (NMBU, NTNU, UiB, UiO og UiT):

  • Siri Knudsen (NMBU)
  • Siv Eggen/Anne Åm (NTNU);
  • Aurora Brønstad/Suzanne Brandt (UiB)
  • Henrik Rasmussen/Knut Tomas Dalen/Gro Flatekval/Karin Westereng Handegård (UiO)
  • Amalie Hofmeyer Andersen (UiT)
Administrativt ansvarlig
Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet har ansvar for emnet.