Digitalisering i helse: Individ, organisasjon og samfunn
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIGHEL630
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Den gjennomgripande digitaliseringa som foregår i helsesektoren har store konsekvensar for helsetenestene. Dette stiller nye kompetansekrav til leiarar og tilsette med et breitt spekter av fagområde og yrkesfunksjonar i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar. Emnet har som mål å gje studentane inngåande kunnskapar om konteksten og rammene for digitalisering i helsesektoren på eit nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Emnet skal gje studentane eit nødvendig grunnlag for å bidra i digitaliseringsprosjekt i helsesektoren. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse som er nødvendige for at helsepersonell kan drive innovasjons- og forbetringsarbeid og brukarsentrert digitalisering.
Sentrale tema som studentane jobbar med er føringar og strategiar for digitalisering av helsesektoren, verksemdsarkitekturen si betydning for informasjonsflyt, avgjerder og organisering, personvern og IKT- sikkerheit.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare kva digitalisering er og relatere sentrale omgrep til eigen arbeidsplass
- vurdere og analysere sentrale føringar og rammevilkår for digitalisering i helsesektoren på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
- anvende kunnskap om digitalisering i helsetenesta på eigen arbeidsplass, og reflektere over praksis og behov på eigen arbeidsplass
- anvende sentral teori og kunnskap om samahengen mellom verksemda sine mål, organisering og IT-system (verksemdsarkitektur)
Ferdigheiter
Studenten kan
- Bruke kunnskap for å forstå arbeidsprosessane med tilhøyrande informasjonsutveksling i helsetenestene (verksemdsarkitektur)
- analysere behovet for vidare utvikling av digitale helsetenester på eigen arbeidsplass
- Bidra til analyse av risiko og handtering av denne i tråd med sentrale prinsipp, lover og reglar
- vurdere og analysere problemstillingar knytt til personvern i digitaliseringsprosjekt, og konsekvensar ved brot på regelverket
Generell kompetanse
Studenten kan
- Kommunisere og samarbeide i tverrfaglege digitaliseringsprosjekt på arbeidsplassen sin
- Kartlegge og integrere ulike kunnskapskjelder i innovasjons- og forbetringsarbeid i digitaliseringsprosessar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar blir brukt aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare.
Studentane jobbar på eigenhand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere oppgåver, delta aktivt i diskusjonar, gje kvarandrevurdering og bestå minimum to quizar.
Obligatorisk oppmøte og deltaking på fysisk samling på campus.
Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent".
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt: studie@igs.uib.no