Digitalisering i Helse: Leiing

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Målet med denne modulen er å gjere studentane i stand til å ta ei leiarrolle i å drive fram endring av store regionale eller nasjonale digitaliseringsprosessar samtidig som dei ivaretek medarbeidarar og lokale digitaliseringsprosessar. Vidare vil emnet gje studentane innføring i og erfaring med forbetringsarbeid i tråd med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse og omsorgssektoren. Studentane vil få kompetanse i å planlegge, gjennomføre og evaluere endringar knytt til digitalisering og digital transformasjon.

Innhald

Modulen vil belyse utvikling av leiingsfaget generelt, med særleg vekt på ei relasjonsorientert tilnærming til leiing og tek utgangspunkt i leiing av endringar sett frå ulike nivå i ein organisasjon.

Arbeidet belyser forutsetningar for å endre. Vi vil kome inn på tema som Behovsforståelse, Strategisk planlegging, endringsmodnad, kapasitetsbygging, gjennomføringskraft, motstand og kontinuerleg forbetring i organisasjonen. Vidare fokus er leiar si rolle i å initiere og gjennomføre endringsprosessar. Studentane får anledning til å bruke egen erfaring gjennom prosessen frå ide til slutning.

Problemstillingar kurset vil prøve å svare på:

  • Kva leiingsform vil krevjast for å lykkes i den digitale transformasjonen helsevesenet står ovanfor på tvers av tenestenivå og organisasjonar.
  • Kva forståing og kva for nokre føresetnadar som må vere på plass i ulike nivå i organisasjonar for å få til digitalisering og digital transformasjon
  • Korleis gå fram for å teste ut nye løysingar og nye måtar å jobbe på
  • Korleis involvere og ansvarleggjere i det systematiske forbetringsarbeidet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten kan

  • Samanlikne og vurdere vitskapelege teoriar og metodar i leiingsfaget
  • Leiarskap i møte med auka kompleksitet, tvitydigheit og omstillingskrav
  • Analysere moglegheiter og avgrensingar i ulike leiingstilnærmingar og leiingsverktøy for å erkjenne behov, involvere, støtte og utfordre medarbeidarar og kollegaer, og leie utviklings- og endringsprosessar i organisasjonar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Bruke relevante metodar for leiing av digitaliseringsprosjekter på en sjølvstendig måte
  • Bruke relevant leiingsteori og metodikkar til praktisk analyse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Analysere korleis endringar knytt til digitalisering og digital transformasjon påverkar organisasjonar
  • Anvende relevant terminologi for leiing av endring knytt til digitalisering

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert, men med en undervisningssamling (en dag) fysisk på campus
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått emne DIGHEL630
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Målgruppa for utdanningstilbodet er helsepersonell, leiarar, superbrukarar, systemansvarlege, sikkerheitsansvarlege, prosjektmedarbeidarar og gründerar i både offentleg og privat sektor. Tilbodet skal vere relevant for leiarar og medarbeidarar med eit bredt spekter av fagområdet og yrkesfunksjonar i primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og private helsetenestetilbydarar, som er alle involvert i og berørt av den gjennomgripande digitaliseringa som skjer i helsesektoren.

Gjennomført og bestått emne DIGHEL630

Arbeids- og undervisningsformer

Læring vil foregå via ein kombinasjon av undervisning, case diskusjonar og bruk av oppgåver der studentane bruker sin profesjonelle bakgrunn i arbeidet med ulike tema.

Undervisinga kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper, og studentane sine erfaringar blir brukt aktivt som ein ressurs i undervisinga. Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg tilrette for studentaktivitet, med vekt på at studentane sjølv identifiserer praksisnære problem dei ønskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ønskjer å undersøke nærmare. Studentane jobbar på eiga hand og i mindre grupper med nettbaserte læringsaktivitetar, som inkluderer arbeid knytt til å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar henta frå eigen organisasjon eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere et case, delta aktivt i diskusjonar og gi kvarandrevurdering. Obligatorisk oppmøte og deltaking på fysisk samling på campus.

Obligatoriske krav blir vurdert til "godkjent / ikkje godkjent".

Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturliste er i Leganto
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programutval for leiing, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse har ansvar for fagleg innhald,oppbygging og kvaliteten av studiet.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt: studie@igs.uib.no