Innføring i samfunnsøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet for kurset er å gi ei elementær innføring i faget samfunnsøkonomi.

Kurset startar med ein diskusjon av kva samfunnsøkonomifaget inneber, og held fram med ei innføring i sentrale samfunnsøkonomiske omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt, modell, strategi og analyse. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer og korleis økonomar tenker. Kurset gir ein oversikt over og smakebitar frå sentrale deler av faget: makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering. Det vil bli lagt stor vekt på å vise korleis dei ulike teoriane kan kaste lys over aktuelle spørsmål frå norsk og internasjonal røyndom. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt og modell
  • Kan gjere greie for sentrale deler av faget: makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Mestrer sentrale teoriar og er i stand til å bruke teoriane til å gjennomføre enkle analyser av hendingar og fenomen i norsk og internasjonal økonomi

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.  

Vurderingsformer
4 timar skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.