Innovasjon og entreprenørskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ELMED223-A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Hovudmålet er å inspirera og førebu studentar til potensielle karrierar som innovatørar og entreprenørar innan det medisinske feltet.
Kursinnhald:
Kurset skal inspirera og utstyra studentane med avanserte ferdigheiter og kunnskap for å møta fleire av utfordringeene i arbeidslivet med tankesett og verktøy som kreativitet og brukarsentrert innovasjon. Verdiskaping er kjernen i nasjonale direktiv fremja av Kunnskapsdepartementet.
Kurset vil
A) introdusera konsept for innovasjon og tidleg-fase entreprenørskap,
B) dela erfaringar frå med-tech grunnleggjarar og innovatørar, og
C) inkludera praktiske oppgåver der studentane blir bedne om å ta fatt på ei reell innovasjonsutfordring som eit tverrfagleg team.
Læringsutbyte
Etter fullføring av dette kurset har studenten/kan studenten:
Kunnskap
- Avansert kunnskap om menneskesentrert og design-driven innovasjon og tidlegfase entreprenørskap
- Inngåande forståing av korleis empati driv innovasjons- og entreprenørskapprosessar
- Utstrakt kunnskap om korleis problem blir oppdaga, idear blir forma, og prototypar blir utvikla og blir testa
Ferdigheter
- Sette seg i skoa til andre og forsøke å få eit perspektiv brukaren kan identifisere seg med ved å observera og fordjupa seg i opplevinga til brukaren
- Intervjue alle slags potensielle brukarar og interessentar for å få meiningsfulle svar
- Forma ut eit sterkt synspunkt for brukarsentrert forsking og gi den retning.
- Komme opp med kreative idear som vil tena som løysingar på komplekse, tvitydige utfordringar
- Bruke mange ulike ideverktøy som brainstorming, bodystorming, brainwriting og rask skissering
- Bygge grove prototypar raskt som kan teste idear raskt og billig
- Eksponere verda for prototypar, stille relevante spørsmål, få gode tilbakemeldingar, lære og gjenta fleire gonger
Generelle kompetansar
- Samarbeide med menneske med ulike bakgrunnar og utnytta det kreative potensialet i mangfald
- Spille, ha det gøy, le og ikkje ta seg sjølv for seriøst, samtidig som ein tek det kreative arbeidet sitt på alvor
- Finne opp innovative løysingar på viktige menneskelege utfordringar i ein reell kontekst
- Lære og innovera under forhold med ekstrem ustadigheit, uvisse, kompleksitet og tvimeining (VUCA)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Medisinstudiet, Masterstudentar ved det medisinske fakultet, forskarlinja ved MED, PHD medisin og Master i Molekylærbiologi evt sekundært ansatt ved medisinsk fakultet.
Dersom du er masterstudent ved UiB og ønskjer å ta emnet, send ein e-post til elektiv.med@uib.no.
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset vil inkludera både teoretiske og praktiske tilnærmingar. Det vil likevel ha ei sterk vektlegging på dei praktiske komponentane for innovasjon og skipinga av tidlegfase oppstartsselskap.
Me vil adressera desse praktiske leksjonane gjennom ein reell, teambasert innovasjonsutfordring, som vil tena som innhald for mesteparten av læringsreisa til studentane.
Me vil møtast i klassen for fleire engasjerande, aktive, praktiske workshops. Teamet vil deretter bruka tankesett, verktøy og metodar lært under desse workshopane for å takla innovasjonsutfordringa ute i "den verkelege verda" i klinikken og industrien.
Dei vil deretter komma tilbake til klasserommet for å dela erfaringar og halda fram med å styrkja ferdigheitene sine gjennom djup refleksjon og iterasjonar.