Praksisutplassering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENERGI240
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk avhengig av utplasseringsstad
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Praksisopphaldet skal bidra til å knyte saman den faglege kompetansen frå studiet med arbeidsoppgåver hos aktuelle arbeidsgjevarar og samfunnsaktørar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktisk øving vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og -relevans.
Innhald
Studentane deltar i arbeidsoppgåvene i bedrifta eller institusjonen som dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får delta i arbeidsoppgåver som er relevant med tanke på deira faglege kompetanse og for bedriften/institusjonen sine behov.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
- har innblikk i arbeidsoppgåvene på praksisplassen
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
- kan beskrive korleis ein bedrift organiserer arbeidet
- kan bruke innlært kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
- kan oppsummere og presentere arbeidet som er utført i praksisperioden skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over forholdet mellom teori og erfaringsbasert læring
- kan reflektere over si eiga rolle i samhandling og samarbeid med andre i arbeidssamanheng
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det vart utarbeida ein skriftleg kontrakt mellom studenten, UiB og praksisstaden, og studentenmå levere timeliste signert av praksisstad og student. Detaljerte retningsliner og fristar vert kunngjort ved oppstart for emnet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering
Mappa består av:
- To refleksjonsnotat (kvar med 1-2 vedlagte bilete) undervegs i praksisperioden - i form av blogginnlegg
- Oppsummerande refleksjonsnotat etter end praksisperiode
- innleverte timelister signert av kontaktperson på praksisstad
- Munnleg presentasjon
Mappeinnhaldet må vere godkjent innan den munnlege presentasjonen av det faglege innhaldet i praksisperioden vert gjennomført. Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Referansegrupper vil bli nytta årleg.