Examen philosophicum - seminarmodell
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- EXPHIL-JUSEM
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori med relevans for rettsvitskapen, til dømes skiljet mellom fleirtydige uttrykk og vage tydingar, skiljet mellom deskriptive og normative tydingar og skiljet mellom haldbarheit og relevans av argument.
Dugleikar og kompetanse
Studenten meistrar
- å bruke filosofiske omgrep i analytiske og prinsipielle drøftingar av problemstillingar i jussen
- å drøfte etiske og rettspolitiske problemstillingar ved å anvende teoriar frå moralfilosofien og politisk filosofi
- å drøfte kva som kjenneteiknar gjeldande rett ut frå ulike rettsfilosofiske posisjonar
- å tolke juridisk ordlyd mellom anna med sikte på å avdekke fleirtydigheit
- å lage og vurdere definisjonar av språklege uttrykk
- å argumentere for eit normativt eller deskriptivt standpunkt og å vurdere dei einskilde argumenta i slik argumentasjon
- å gjere det ovannemnte i munnleg samtale så vel som i skriftleg framstilling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen, § 8-1.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal
- ta del i minst 75% av seminarsamlingane
- gi ein munnleg presentasjon i seminaret
- levere eit utkast til seminaroppgåve
- møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva
- gjere minst 75 % av læringspakkane
- greie ein breddetest med spørsmål frå alle delar av pensum
Godkjenninga er gyldig i semesteret for godkjenning og til og med det neste vårsemesteret, med unntak av at individuell rettleiing om seminaroppgåva må skje i det semesteret ein tek eksamen.
Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåvene vurdert.