Geopraksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV298
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnets mål er å gje studentane praktisk innsikt i moglegheiter og utfordringar ein møter i arbeidslivet som geolog eller geofysikar. Studentene skal ha tre vekers praksis i bedrifter, forvaltningsinstanser eller organisasjonar innen geovitenskapelige disipliner.
Innhald
Emnet startar med eit søknads- og CV seminar med innhenta ekspertise. Studentene lærer å skrive søknad og CV, og skriv deretter ein jobbsøknad opp mot ein jobbannonse.
I praksisperiodane skal studentene bli kjent med en fagrelevant verksemd, og utføre arbeidsoppgåver etter anvisning frå nærmaste ledar.
I løpet av emnet skal studenten tileigne seg kunnskap om korleis verksemda er organisert, og få erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter som arbeidstakar i verksemda.
Utanom praksisperiodane er det undervisning med forelesningar og seminarar ved Institutt for Geovitenskap. Innholdet i undervisninga vil i hovudsak dreie seg om arbeidsmoglegheiter, samansetning av geofagssektoren i samfunnet, innovasjon, oppstart av bedrifter og refleksjon omkring eigen arbeidsutføring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- bred kunnskap om geofaglege problemstillingar dei kan møta i arbeidslivet
- kunnskap om verksemda dei har praksisopphold i
- kjennskap til verksemdas moglegheiter, utfordringar og framtidsperspektiv
- kjennskap til krav, forventningar og kompetanse som stilles til arbeidstakera i verksemda
Ferdigheiter
Studenten kan:
- arbeidsprosessen med å skrive søknad og CV
- reflektere over eige arbeid, gjennomføring og justere dette under veiledning
- beherske intervju som metode for innsamling av data
- finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff om verksemda og presentere dette skriftleg og munnleg
- koble faglege eigenskaper med yrkesutøvinga og ha refleksjon over eigne ferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten kan:
- ha innsikt i fag- og yrkesetiske problemstillingar i verksemda.
- planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i ei gruppa, i tråd med dei rådande etiske krav og retningslinjer som gjelder for bedrifta
- formidle og kommunisere uavhengige faglege synspunkt, relevante problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet inngår i undervisningsopptaket og har eit avgrensa antall plassar. Antall plassar avhenger av tilgjengelege praksisplassar
Opptak i emnet vil basere seg på et motivasjonsbrev. Motivasjonsbrevet skal leverast på skjemaet under og har frist til 18. desember 2024.
https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=15512763
Emnet er reservert for studentar på 6. semester i bachelorprogram i Geovitenskap (geologi og geofysikk). Ved restplassar, kan desse tildelast studenter på andre årskull i bachelorprogrammet i Geovitenskap.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappeevurdering:
- Skriftleg jobbsøknad med motivasjonsbrev og CV
- Blogginnlegg om praksisoppholdet
- Refleksjonsnotat frå praksisoppholdet
- Presentasjon frå innovasjonsworkshop
- Posterpresentasjon om praksis