Differensialdiagnostikk og laboratorieprøver for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HELFYT662
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstandar som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingane.
Innhald:
Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelhet, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.
Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten har
* inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensial-diagnosar for denne sjukdomskategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorieanalysar
* innsikt i systemiske tilstandar som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte
* kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk
Ferdigheiter:
Studenten
* kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom
* kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesten
Generell kompetanse:
Studenten
* Har kunnskap om dei vanlegaste lidingane som kan forvekslast med symptom frå muskel-skjelett-lidingar
* Kjenner til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar.