Masteroppgåve i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi (EVU)

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

HELVID650 - Masteroppgåve i helseleiing, kvalitetsforbedring og helseøkonomi representerer eit sjølvstendig arbeid der studenten skal bruke kunnskap og ferdigheitar til å analysere og reflektere over ei avgrensa problemstilling innan helseleiing, kvalitetsforbedring eller helseøkonomi. Føremålet med masteroppgåva er å fordjupe seg i eit tema og å utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. Oppgåva skal gje trening i å formulere ei problemstilling, gjennomføre datainnsamling og/eller diskusjon av litteratur/teori, og dessutan analyse og tolking av eigne data.

Temaet og problemstillinga skal vere relevant i tilhøve til studieprogrammet si målsetning og innhald. Tema vil normalt liggje innan felta helsepolitikk, leiing, organisering, planlegging og dimensjonering av helsetenester, kvalitetsforbedring, pasienttryggleik eller helseøkonomi. Oppgåva kan vere enten empirisk eller teoretisk orientert. Metodologisk kan empiriske oppgåver nytte enten kvalitative eller kvantitative metodar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • har avansert kunnskap innanfor ein avgrensa del av det tematiske feltet helseleiing, kvalitetsforbetring eller helseøkonomi
  • har inngåande kunnskap om vitskapelege metodar og kan gjere reie for litteratur, omgrep eller teori som er relevante for tematikken til oppgåva, og dessutan vurdere relevansen av metode for datainnsamling
  • kan anvende regler for referansebruk og kjeldetilvising
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar og eigenart innan helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring på ein vitskapleg måte, særleg knytte opp mot eigne val av tema for masteroppgåve

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan formulere ei presis og forskbar problemstilling
  • kan utarbeide eigne planar for forsking på et vitskapleg nivå
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan bruke relevante metodar på ein sjølvstendig måte
  • kan samle, systematisere, analysere, tolke og presentere kunnskap på ein nøyaktig og oversiktleg måte
  • kan analysere og forhalda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan skilje mellom erfaringsbaserte og vitskapleg baserte former for kunnskap

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan analysere relevante fag- og forskningsetiske problemstillingar
  • kan reflektere over styrkar og veikskapar knytte til datainnsamling og forskingsmetodar som er brukt
  • kan reflektere over vitenskapelegheit i tilhøve til helsevesenet og eigne røynsler
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherskar fagområdets uttrykksformer

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust
Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha gjennomført og bestått minst to av dei tre emna helseleiing, kvalitetsforbedring i helsetenesta og helseøkonomi ved oppstart.

Studentar som har gjennomført alle tre emna ved oppstart, og studentar som har plass via arbeidsgivarar som har avtale med UiB, er prioritert for opptak dersom det er mange søkarar.

Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studiet er berekna helsepersonell med grunnutdanning av eit omfang som minimum tilsvara ein bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis frå norsk helseteneste. Ein søkar opptak til emnet via EVU-søknadsweb.
Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi byggjer på dei tre delemnene HEKVAL620 (Kvalitetsforbedring), HELED620 (Helseleiing) og HELØK610 (Helseøkonomi). Studentane skal skriva ei masteroppgåve innan eit av desse tre områda.

Dei to vekesamlingane består av heildagsundervising innanfor følgjande emne:

  • Vitskapsteoretiske problemstillingar i praksis
  • Grunnleggjande krav til vitskapelegheit
  • Innføring i kvalitative metodar, inkludert forskingsdesign
  • Innføring i kvantitative metodar, inkludert forskingsdesign
  • Praktisk innføring og øvingar i bruk av statistisk programvare (Stata)
  • Krav, spesifikasjonar, tips og råd til arbeidet med masteroppgåva

I løpet av samlingane vert det òg tilbode meir praktisk innføring i etiske problemstillingar (Personvernsombodet og Regional Etisk Komite), litteratursøk, tilhøvet til rettleiar, og liknande

Undervisinga på emnet HELVID650 blir normalt gjeve i form av to samlingar á 5 dagar i siste halvdel av vårsemesteret, i tillegg til individuell rettleiing i samband med masteroppgåva og tilbod om minst to oppgåvebaserte seminar i løpet av tida studenten arbeidet med masteroppgåva. Normert tid for gjennomføring av HELVID650 (masteroppgåva) er to år.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minimum 80% deltaking på vekesamlingane, utarbeiding av masteroppgåve
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Masteroppgåve med påfølgjande munnleg eksamen. Studenten skal presentere masteroppgåva for sensurkomitéen før utspørringa som vert gjort av komitéen. Presentasjonen til studenten kan korrigere den endelege karakteren.

Karakterskala
A (beste karakter) til F (ikkje bestått).
Vurderingssemester
Høst
Litteraturliste
Litteraturlista er i Leganto
Emneevaluering
Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar.
Programansvarleg
Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin