Oversyn over Midtaustens historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Emnekode
- HIM101
- Undervisningsspråk
- Normalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran.
Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema.
Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå.
Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linjene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag.
- har innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, politikk, samfunnstilhøve og religiøs og kulturell utvikling.
- kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.
Ferdigheiter
Studenten
- viser evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til Midtaustens og islams historie og trekke eigne konklusjonar.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Undervisninga går føre seg i første halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 1).
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).
Om det er ressursar, kan det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha løyst tre sett av fleirvalsoppgåver med spørsmål frå pensum. Nærare opplysningar om krav og fristar vert gjevne ved undervisningsstart.
Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande og i to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Heimeeksamen i form av oppgåve på om lag 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste). Eksamen går over 7 dagar ved utgangen av undervisningsblokk haust 1 (midten av haustsemesteret).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1400 sider.