Molecular and Cellular Methods in Immunology
Masteremne
- Studiepoeng
- 8
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HUIMM306A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal bli kjente med metodar som blir brukt i immunologisk forskning.
Kurset blir undervist over ein 4-vekers periode, kor studentane skal levera ein grundig rapport i vitskapeleg format av forskinga som er utført.
Veke 1 (40 timer): Uavhengige studiar av kursmaterialet, inkludert protokollar og bakgrunnsmateriale.
Veke 2 og 3 (80 timer): Seminar kor studentane blir introdusert for kjernemetodane, og det blir ein open diskusjon av materialet. I tillegg praktisk laboratoriearbeid kor studentane vil få praktisk erfaring med metodane som blei studert i veke 1. Den praktiske delen av emnet vil gi studentane ei djupare forståing av metodane introdusert i den teoretiske delen av emnet.
Veke 4 (40 timer) Studentane vil behandla forskingsresultata frå veke 2-3. I tillegg vil kvar student få tildelt ein vitskapeleg artikkel. På slutten av veke 4 vil studentane delta på eit studentkollokvium kor dei skal presentera og diskutera resultata og konklusjonane frå veke 2-3. Vidare vil studentane halde ein presentasjon om den tildelte forskingsoppgåva.
For å få vurdering må studenten levera ein grundig rapport av forskinga som er utført (oppsummering av 4 vekers materiale), i eit vitskapleg format. Studenten må vise ei djup forståing av metodane som blir brukt, resultata som blir generert og sette dei i samanheng med tidlegare arbeid.
Teoretisk del:
Kursmateriell vil bli utlevert.
Kursleiarane vil gi ei teoretisk innføring i nokon av dei vanlege immunologiske metodane.
Studentkollokvium: Studentane presenterer og vurderer sine og kvarandre sine resultat kritisk, og presenterer og evaluerer ein forskingsartikkel kvar.
Praktisk del:
- Utrekning av molaritetar, førebuing av bufferar.
- Isolering av leukocytter frå blod ved hjelp av tettleiksgradient -sentrifugering. Isolering og dyrking av monocytter (cellekultur), in vitro - generering av makrofager.
- Western blot-analyse av signalvegar ved bruk av stimulerte celler.
- ELISA - Kvantifisering av cytokiner produsert av cellene.
- Immunfarging - Visualisering ved bruk av fluorescerande merka sekundært antistoff.
- Kvantifisering av kopinummer ved bruk av PCR: Samanlikning av standard PCR med kvantitativ sanntids PCR.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført HUIMM306A skal ha følgande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Etter fullført kurs skal deltakarane forstå målet og teorien bak vanlege immunologiske metodar.
Ferdigheiter: Etter å ha fullført kurset, skal deltakarane kunne planlegge og utføre eksperiment undervist i løpet av emnet.
Kompetanse: Etter å ha fullført kurset, skal deltakarane kunne bruke sine kunnskaper og ferdigheiter til å delta i ytterligare oppgåver knytta til forsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Lab.bygget, BB-bygget og Haukeland Universitetssykehus.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Prioritet vil bli gitt til studentar som har tatt det relaterte emnet Human Immunology (HUIMM903/HUIMM303).
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Det er ingen direkte registrering for dette kurset. Dei som ønsker å delta må ta kontakt med emneansvarleg Richard Davies (richard.davies@uib.no). Det er begrensa antal plassar.
Arbeids- og undervisningsformer
Program
- Artiklar, lærebok (40 timer).
- Teoretisk introduksjon til laboratoriet (8 timer).
- 10 dagar i laboratoriet (60 timer) og kollokvium (8 timer).
- Førebuing til kollokvium (40 timer)
- Utarbeidint av rapportar (3 uker - 120 timer)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon av artiklar og resultat, i tillegg til den skriftlege laboratorierapporten (samansett av introduksjon, materiale og metodar, resultat og diskusjon).
Både munnlege presentasjonar og skriftleg lab-rapport må godkjennast av kursleiar.
Karakterskala
A-F