Molecular and Cellular Methods in Immunology
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 8
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HUIMM906A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal bli kjente med metodar som blir brukte i immunologisk forsking.
Kurset blir undervist over ein 4-vekers periode, studentane skal levera ein grundig rapport i vitskapleg format av forskinga som er utført.
Veke 1 (40 timar): Uavhengige studiar av kursmaterialet, inkludert protokollar og bakgrunnsmateriale.
Veke 2 og 3 (80 timar): Seminar kor studentane blir introduserte for kjernemetodane, og det blir ein open diskusjon av materialet. I tillegg praktisk laboratoriearbeid kor studentane vil få praktisk erfaring med metodane frå veke 1. Den praktiske delen av emnet vil gi studentane ei djupare forståing av metodane introdusert i den teoretiske delen av emnet.
Veke 4 (40 timar): Studentane vil behandla forskingsresultata frå veke 2 og 3. I tillegg vil kvar student få tildelt ein vitskapleg artikkel. På slutten av veke 4 vil studentane delta på eit kollokvium der dei skal presentera og diskutera resultata og konklusjonane frå veke 2-3. Vidare vil studentane halda ein presentasjon om det tildelte artikkelen.
For å få vurdering må studenten levera ein grundig rapport av forskinga som er utført (oppsummering av 4 vekers materiale), i eit vitskapleg format. Studenten må vise ei djup forståing av metodane som blir brukt, resultata som blir generert og sette dei i samanheng med tidlegare arbeid.
Teoretisk del:
- Kursmateriell vil bli utlevert.
- Kursleiarane vil gi ei teoretisk innføring i nokon av dei vanlege immunologiske metodane.
- Studentkollokvium: Studentane presenterer og vurderer sine og resultata kvarandres kritisk og presenterer og evaluerer ein forskingsartikkel kvar.
Praktisk del:
- Utrekning av molariteter, førebuing av bufferar.
- Isolering av leukocytter frå blod ved hjelp av tettleiksgradient -sentrifugering. Isolering og dyrking av monocytter (cellekultur), in vitro -generering av makrofager.
- Western blot -analyse av signalvegar ved bruk av stimulerte celler.
- ELISA- Kvantifisering av cytokiner produsert av cellene.
- Immunfarging- Visualisering ved bruk av fluorescerande merket sekundært antistoff.
- Kvantifisering av kopinummer ved bruk av PCR: Samanlikning av standard PCR med kvantitativ sanntids PCR.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført kurs skal deltakarane forstå målet og teorien bak vanlege immunologiske metodar.
Evner:
Etter å ha fullført kurset skal deltakarane kunna planlegga og utføra eksperiment undervist i løpet av emnet.
Kompetanse:
Etter å ha fullført kursa, skal deltakarane kunna bruka kunnskapane og evnene sine til å delta i ytterlegare oppgåver knytt til forsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
- Artiklar, lærebok (40 timar).
- Teoretisk introduksjon til laboratoriet (8 timar).
- 10 dagar i laboratoriet (60 timar) og kollokvium (8 timar).
- Førebuing til kollokvium (40 timar)
- Utarbeiding av rapportar (3 veker - 120 timar)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
PhD-kandidatar.
Det er inga direkte registrering for dette kurset. Du som ønsker å delta må kontakta Richard Davies, då det er eit avgrensa antal plassar.
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon av artiklar og resultat, i tillegg til den skriftlege laboratorierapporten (samansett av introduksjon, materiale og metodar, resultat og diskusjon).
Både munnlege presentasjonar og skriftleg lab-rapport må godkjennast av kursleiar.