Algoritmer
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF234
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjennomgår avanserte metodar for utvikling og analyse av effektive algoritmar for diskrete problem. Teknikkar som blir presenterte inkluderar mellom anna grådige algoritmar, dynamisk programmering og ulike former for graf-traversing. I tillegg dekkjer emnet òg korleis ein kjenner att problem som ikkje lar seg løyse effektivt, såkalla NP-komplette problem.
Emnet gjennomgår avanserte metodar for utvikling og analyse av effektive algoritmar for diskrete problem. Teknikkar som blir presenterte inkluderar mellom anna grådige algoritmar, dynamisk programmering og ulike former for graf-traversing. I tillegg dekkjer emnet òg korleis ein kjenner att problem som ikkje lar seg løyse effektivt, såkalla NP-komplette problem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:
Studenten skal:
- kunne anvende algoritme-design-teknikkar for diskrete problem. Desse teknikkane omfattar grådige algoritmar, dynamisk programmering, ulike former for graf-traversering, og nettverk-flyt algoritmar.
- kunne kjenne att nye problem som egnar seg til å løysast med dei metodane ein har lært på emnet, og å utlede nye algoritmar for liknande problem.
- bevise korrektheta av algoritmar og analysere køyretida til algoritmar.
- kjenne til kompleksitetsklassane P og NP, og termane NP-hardt og NP-komplett, samt korleis desse nyttast for å vise at konkrete problem antakeleg ikke lar seg løyse i polynomisk tid.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
I234: 10 ECTS
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gjevast i form av førelesningar og arbeid i grupper. 4 timar førelesning i veka, samt 2 timar gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan føregå digitalt (på datamaskin). Sjå meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.