Italiensk språkhistorie og språklig variasjon
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ITAL301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
ITAL301 er eit todelt emne som er sett saman av ein del språkhistorie og ein del omsetjingsteori og praksis. Språkhistoria tar føre seg den italienske språkutviklinga fram mot den språksituasjonen vi i dag finn i Italia. Emnet skal gje god kjennskap til den språkhistoriske utviklinga i Italia og til hovuddrag i dei dialektologiske og sosiolingvistiske tilhøva i landet.
Omsetjingsdelen har eit pensum i omsetjingsteori og kontrastiv språkskildring som skal tena som grunnlag for tovegs øvingar i omsetjing. ITAL301 skal og gjennom praktiske øvingar baserte på eit pensum i omsetjingsteori føre dugleiken i å formidla italienske tekstar på norsk og norske tekstar på italiensk fram mot eit høgt nivå.
Læringsutbytte
Ved fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om dei viktigaste momenta i italiensk språkhistorie frå byrjinga til vår tid
- har kunnskap om grunnleggjande historiske problemstillingar om det italienske språket
- har kjennskap til grunnleggjande sosiolingvistisk teori
- har kunnskap om grunnleggjande omsetjingsteori
Dugleikar
Studenten
- kan omsetje tekstar frå italiensk til norsk og motsett
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen i ITAL301 er todelt:
Ein skriftleg skoleeksamen på tre timar i språkhistorie eller idialektologiske/sosiolingvistiske tilhøve skriven på italiensk og ein skriftleg skoleeksamen på tre timar i omsetjing frå norsk til italiensk. Dei to prøvene er sjølvstendige delar av vurderinga i emnet og tel kvar 50 prosent av den samla karakteren. Begge eksamensdelane må vera greidde i same semester. Studentane har høve til å nytte si eiga italienskitalienske ordbok under eksamen. Ordboka skal vere fri for tilføyingar.