Planrett

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Rettsdisiplinen planrett (JUS 265-2-A) gjeld sentrale reglar som er styrande for samfunnsutvikling og arealforvaltning. Kurset føreset grunnleggjande forståing for alminneleg forvaltningsrett og tingsrett. Den sentrale lova i dette kurset er plan- og bygningslova, men emnet skal også gi ein djupare kunnskap om samspelet mellom plan- og bygningslova og forvaltningslova, og samspel mellom offentleg rett og privat rett.

Sentrale emne i kurset er reglane om kva for offentlege organ som har kompetanse til å forvalte arealet (personell kompetanse), framgangsmåten ved handsaming av plansaker og einskildvedtak (prosessuell kompetanse) og i kor stor grad kommunen har kompetanse til å planleggje til bruk og vern av fast eigedom og sjøareal i medhald av denne lova (materiell kompetanse). Vi ser nærare på kva som kan vere innhaldet i ein kommuneplan, reguleringsplan, føresegner og einskildvedtak.

I kurset vert det gjort nokre djupdykk i praktiske og viktige emne. Sentrale emne i kurset er byggjeforbodet i strandsona, dispensasjon og ulovleg bygging. Vidare er utbyggingsavtalar, innløysing og ekspropriasjon, ein del av dette faget. Eit viktig tema er også i kor stor grad kommunen har kompetanse og plikt til å leggje vekt på privatrettslege tilhøve ved arealplanlegging.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten har djupare kunnskap om planlova som verkemiddel for styring av areal og ressursar, og korleis planlova verkar saman både med andre offentlege lover og prinsipp og reglar for vern av privat eigedomsrett. Dette inneber kunnskap og forståing for:

  • plan- og bygningslova sin systematikk
  • reglar om tilhøvet mellom kommunal og statleg styring i plansaker, under dette reglar om motsegn
  • reglane om sakshandsaming ved planvedtak og konsekvensutgreiing
  • dei rettslege styringsverkemidla kommune- og reguleringsplan, og særleg om kva som kan inngå i rettsleg bindande føresegner til dei ulike plantypane
  • reglar om innløysing og ekspropriasjon
  • tilhøvet mellom forvaltningslov og plan- og bygningslov, og plan- og bygningslov og andre sektorlover
  • reglar om søknadsplikt for tiltak
  • regelen om byggjeforbodet i 100-metersbeltet og rekkjevidda av heimel til å gi dispensasjon
  • reglane om kommunen sin kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved arealplanlegging og einskildvedtak

FERDIGHEIT (DUGLEIK)

Studenten kan bruke juridisk metode og lovfeste og ulovfeste reglar for å lage sjølvstendige drøftingar. Dette inneber:

  • å innhente og systematisere rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisere rettslege problemstillingar og samanhengar
  • å føreta ei sjølvstendig analyse av juridiske problemstillingar på grunnlag av det aktuelle rettskjeldebiletet
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaringar av underliggande rettslege og samsfunnsmessige verdiar, og spenningar mellom ulike type gyldige argument

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper

Tre års universitets- eller høgskuleutdanning

Anbefalte forkunnskaper

Tre års jusstudie eller landmålarutdanning

Krav til studierett
Særskilt studierett til spesialemne gir ikke tilgang til dette emnet. Det henvises til JUR640 Planrett (SEVU).
Vurderingsformer

 Skuleeksamen

Hjelpemidler til eksamen:

- Se § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Tillatte særtrykk:

- Særtrykket til plan- og bygningsloven

Særregler om ordbøker:

  • Man kan iht. studiereglementet ha med seg én rettskrivningsordliste eller ordbok. Merk at ordbøker som for eksempel inneholder både norsk-engelsk og engelsk-norsk regnes som én ordbok
  • Ordbøker som er til/fra de to samme språkene - for eksempel norsk-engelsk/engelsk-norsk -i to fysiske bind regnes også som én ordbok. Disse kan ha forskjellig utgiver og/eller være ulike utgaver.
  • Ordbok som nevnt ovenfor kan ikke kombineres med andre typer ordbøker
  • Kombinasjoner som utgjør mer enn to fysiske bind er ikke tillatt.

For øvrig informasjon om hjelpemidler, se de respektive emnesidene og "Utfyllende regler", § 3-5 Hjelpemidler til eksamen: www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen

 

Karakterskala
A-E for stått, F for ikkje stått.
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering

I tråd med regningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.