Kjønn, seksualitet, kultur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUVI106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisning gis på skandinaviske språk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet rettar søkelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søker å avdekke dei kulturelle mønstra som er med på å forme individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekke vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.
Emnet tek sikte på å gi ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet på ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Ferdigheiter:
Studenten
- har kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet.
- kan gripe dei overordna perspektiva i faglitteraturen og formidle desse.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, og kan skriva ein lengre resonnerande tekst på bakgrunn av denne.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må gjennomføre obligatoriske fleirvalsprøver (multiple choice test) som blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 5 dagars heimeeksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3000 ord.
Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende for at studenten skal kunna møta til eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturliste, pensum er på 1200 - 1500 sider.
Litteraturlista for vårsemesteret vil vere klar innan 1.12.