Museologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUVI108
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisning gis på skandinaviske språk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Museologi tematiserer musea si kulturelle rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tematiserer kva som kjenneteiknar eit museum og kva som ligg i dei ulike museumsfunksjonane, med særleg vekt på innsamling og utstilling. Etablering av museumssamlingar blir sett som kulturelle prosessar der "vanlege ting" blir transformerte til "kulturarv". Kulturhistoriske og kulturanalytiske perspektiv blir vektlagt.
Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og verkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene til musea.
- kjenner til relevant faglitteratur og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan med utgangspunkt i faglitteratur drøfta spørsmål med relevans for museumsarbeid.
- kan reflektere kritisk over musea si rolle og funksjon gjennom bruk av historiske og analytiske perspektiv.
Generell kompetanse Studenten
- kan orientere seg seg i forskingslitteratur og nytta den i analytiske framstillingar.
- kan kommunisere om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområde.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som forelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar. Det vert lagt opp til intensive undervisningsperiodar med pausar mellom. Sjå timeplanen for detaljar.
Undervisninga våren 2023 blir på norsk og dansk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er ein 5-dagars heimeeksamen med omfang på om lag 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.