Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MAPSYK335
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette emnet tek for seg viktige sider ved kulturelt mangfald i samfunnet frå eit psykologisk perspektiv. Emnet startar med ein introduksjon til kulturomgrepet og forhaldet mellom kultur og menneske sine tankar og åtferd. Deretter tek emnet opp psykologiske sider ved migrasjon, som til dømes akkulturasjon, identitet, og haldningar til innvandring. Som anvendte områder vil emnet gå inn på flyktningehelse og tilpassing av tenester for utsette grupper, og kulturelt mangfald i arbeidslivet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har inngåande kjennskap om kultur frå eit psykologisk perspektiv
- Har kunnskap om korleis migrasjon kan påverke helse, identitet, og tilpassing.
- kan analysere faglege problemstillingar knytt til kulturelt mangfald i arbeidslivet og andre områder i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan analysere mellommenneskelege situasjonar, for eksempel i helseteneste og arbeidslivet, med utgangspunkt i vitskapeleg kunnskap om migrasjon og kultur.
- kan analysere og stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan feltet kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv.
- Kan vurdere korleis kultur og migrasjonserfaringar kan påverke helse og helseåtferd og utfordringar knytt til utforming av helsetenester.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan analysere relevante fag- og forskingsetiske problemstillingar knytt til kulturelt mangfald og migrasjon.
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med fagutdanna og allmenta.
- kan reflektere over andre menneskers oppleving av kulturelt mangfold i lys av forskningsbasert kunnskap.
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Det krevjast minimum 80% oppmøte på forelesingar
- Eit refleksjonsnotat (500-1000 ord)
- Skriftleg fagfellervurdering av 2 medstudentars refleksjonsnotat
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet