Fjerde semester medisinstudiet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 33
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MED4
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet MED4 gir kunnskap om korleis kroppen er bygd (anatomi) og fungerer (fysiologi), med vekt på indre organ. Homeostatiske prinsipp, og forståing av korleis organismen reagerer på avvik frå normaltilstand blir vektlagd. Emnet gir og kunnskap i generell og klinisk mikrobiologi, miljømedisin og samfunnspåverknad samt allmennmedisin. Trening i akademisk lesing og skriving fortset frå MED3, samt ein introduksjon til forskingsetikk.
Studentane skal i ein dags utplassering på fastlegekontor
Læringsutbyte
Kunnskap - etter fullført emne kan studentane:
- Forstå menneskekroppen sin oppbygnad og funksjon.
- Forstå samanhengen mellom struktur, celletype og organfunksjon.
- Forstå dei viktigaste reguleringsmekanismane for celle- og organfunksjon.
- Vurdere konsekvensar og tilpassingar ved bortfall av normal funksjon i utvalde organ og reguleringssystem.
- Forstå homeostatiske prinsipp og vurdere konsekvensar og tilpassingar i kroppsfunksjonane utløyst av bløding og andre patologiske endringar i ekstracellulært volum, saltkonsentrasjon og pH.
- Forstå kva for tilpassingar i kroppen som vert utløyst av endringar av ytre (f.eks. temperatur, arbeid/aktivitet og kosthald) og indre (f.eks. graviditet, pubertet) faktorar
- Gjere greie for dei viktigaste sjukdomsframkallande mikroorganismar.
- Gjere greie for grunnleggande kliniske metodar knytt til vanlege presentasjonssymptom i allmennpraksis.
- Gjere greie for koordinatorfunksjonen og organisering av allmenn- og fastlegepraksis.
- Gjere greie for miljøet sin effekt på menneska si helse og vitskapen om den sjukdomsførebyggande og helsefremjande medisin.
Ferdigheiter- etter fullført emne kan studenten:
- Forklare korleis menneskekroppen fungerer og kva for endringar og tilpassingar på molekylært, cellulært, organ- og heile kroppen sitt nivå som vert utløyst av utvalde ytre faktorar og sjukdom.
- Dissekere og identifisere organ og strukturar i anatomiske preparat og demonstrere korleis desse er relatert til kvarandre.
- Lysmikroskopere histologiske preparat og identifisere celletypar og opphavsorgan frå histologiske og virtuelle preparat.
- Undersøke menneske og projisere organa i normal posisjon, storleik og form.
- Utføre utvalde fysiologiske forsøk og demonstrere resultata frå desse forsøka.
- Utføre EKG, spirometri, blodtrykksmåling på ekstremitetane og klinisk gransking av perifer sirkulasjon (nivå 1*) inkludert grunnleggande tolking av resultata.
- Delta i og gjenta, under rettleiing, gransking av sentrale og perifere blodkar ved hjelp av ultralyd (nivå 1*).
- Granske ei urinprøve (nivå 1*) a) ved hjelp av stix, b) dyrking ved mistanke om urinvegsinfeksjon og vurdere teikn til sjukdom.
- Ta og handtere: a. mikrobiologiske og serologiske prøver (nivå 2**), b. hurtigtestar for vising av patogener og antistoff (nivå 2**) og c. venøs blodprøve til blodkultur og til analyser ved lab for klinisk biokjemi (nivå 1*).
- Vurdere grampreparat (nivå 2**) og identifisere dei viktigaste patogene mikroorganismane.
- Tolke fenotypiske testar for antibiotikaresistens.
- Identifisere, analysere og handtere vanskelege etiske dilemma.
Generell kompetanse - etter fullført emne kan studenten:
- Verdsette etikken bak det å gje kroppen sin til disseksjon, og vise respekt gjennom verdig framferd.
- Vise evne til å integrere basale kunnskap om anatomi, fysiologi og mikrobiologi for å forstå og forklare korleis sjukdom blir til og grunnleggande prinsipp for diagnostikk og behandling.
- Vise evne til å integrere kunnskap frå fleire fag og emne og bruke denne kunnskapen til å nærme seg legeyrket på en god og forsvarleg måte.
- Være medviten om det grunnleggande i konsultasjonsprosessen og ha evne til refleksjon over legerollen og utøvinga av legeyrket
- Vise god evne til skriftleg og munnleg formidling av samansett informasjon.
- Være klar over vitskapeleg usikkerheit, motsetnader og hypotesar.
*Nivå 1: Studenten skal kunne utføre ferdigheten under veiledning fra mer erfaren lege/ har selv utført ferdigheten en gang (modell/fantom/pasient)
**Nivå 2: Studenten kan utføre ferdigheten selvstendig.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på praktiske kurs i disseksjon, fysiologi og undersøkelsesteknikk
- Deltaking på prøveeksamenar
- Godkjende testar undervegs i semesteret
- Godkjende individuelle og gruppebaserte innleveringar
- Godkjend oppmøte i mentorordninga under profesjonssøyla.
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorar i samsvar med modell oppført i UiB sitt reglement
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk