Kvalitative forskningsmetoder - fordjuping i analysemetoder og tradisjonar
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEDKVFORSK2
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
Emnebeskrivelse
Kursinnhold
Hovudmålet med emnet er å gi kandidatane inngåande kjennskap til ulike framgangsmåtar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale og deira ankring i ulike teoretiske perspektiv og tradisjonar.
Emnet er ei vidareføring av emnet MEDKVFORSK, der fokuset er ei fordjuping i kvalitative forskingsmetodar generelt. I MEDKVFORSK II vil ein gå djupare inn i sjølve analysearbeidet ut frå ulike forskingstradisjonar som den pragmatiske -, fenomenologiske -, narrative - og etnografiske tradisjon. Ein vil ha særskilt fokus på korleis kunnskapsteori og metodologiske føresetnader innan dei ulike tradisjonane får konsekvensar for analysearbeidet. Utvikling av kandidaten sine analytiske evner i møte med forskingsmaterialet blir lagt vekt på. Det vert difor lagt opp til oppgåver og munnleg presentasjon, der ein venter høg grad av eigeninnsats og at kandidaten utviklar evne til sjølvstende.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har kandidaten fylgjande læringsutbyte i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten:
- kan vise inngåande innsikt i og avansert forståing for ulike tradisjonar si teoretiske og metodologiske føresetnader for analyse av kvalitativt forskingsmateriale
- kan vurdere det hensiktsmessige i bruk av ulike metodar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan vise at analysemetode er vald på bakgrunn av studien si hensikt og forskingsmaterialet si eigenart
- kan reflektere over og utfordre vitskaplege analysemetodar og tilnærmingar på eige og tilgrensande område
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan gjennomføre kvalitativ analyse etter anerkjente kriterier for kvalitet og med høg grad av fagleg integritet
- kan identifisere etiske problemstillingar og problemfelt relatert til analyse av kvalitativt forskingsmateriale
- har inngåande innsikt i mogelegheiter og begrensingar i val av metodiske tilnærmingar til analyse av kvalitativt forskingsmateriale
Undervisningsperiode
Emnet bli ikke holdt vår 2015
Neste gang vår 2016
Studiepoeng
Undervisningsspråk
Påmelding og -frister
Via StudentWeb for PhD-kandidater ved UiB. PhD-kandidater/søkere ved eksterne institusjoner må søke hospitantrett innen 31. januar, se: http://www.uib.no/mofa/forskning/forskerutdanning-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen
Frist: 31. januar
Forkunnskapskrav
Mastergrad
Kandidatane må ha eit kvalitativt forskingsprosjekt som (del av) sitt doktorarbeid.
Vurderingsform
To oppgåver knytt til analyse skal løysast og leggast fram munnleg, ein individuelt og ein i gruppe. I samanheng med dette skal det leverast inn power-point presentasjon med noter til begge oppgåver i forkant av samlingane, tilbakemelding frå kursleiarar.
Bestått/ikkje-bestått
Hvem kan delta
PhD-kandidatar som er tatt opp i doktorprogrammet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet prioriterast, samt høgskulelektorar ved Høgskolen i Molde og Høgskolen Betanien. Eksterne PhD-kandidater er velkommen til å søke.
minimum antall deltakere 10 kandidater
maksimum antall deltakere 15 kandidater
Utfyllende kursomtale
Emnet organiserast som to samlingar: første samling på tre dagar, siste på ein dag. Som førebuing skal kandidaten kort gjere greie for eige prosjekt, inkludert hensikt, problemstilling og metodisk framgangsmåte (ca. 300 ord). Det skal i tillegg gis ei skisse knytt til val av analytisk framgangsmåte med grunngjeving i forskingsmaterialets eigenart og studien si ankring i forskingstradisjon (ca. 700 ord), til saman ca. 1000 ord. Denne sendes inn saman med søking om opptak.
Omfang: Samling I: Kvar kandidat presenterer munnleg ei skisse til val av analytisk framgangsmåte med grunngjeving og førebels analyse (15 min.), opposisjon frå med-student (10 min.), tilbakemelding frå emneleiarane (10 min) følgt av plenumsdiskusjon (10 min), til saman 45 minutt på kvar. I samling II presenterer kvar gruppe munnleg løysing av gruppeoppgåva (analyse av utdelt tekst) (15 min), plenumsdiskusjon følgjer (15 min.) og tilbakemelding frå kursleiarane (15 min.), til saman 45 minutt på kvar presentasjon.
Kurset strekk seg over fire dagar med ca. fem timar kvar dag; totalt ca. 20 timar. Førebuing til emnet (orientere seg i litteraturen til emnet, utarbeide beskriving av eige prosjekt og førebu power-point presentasjon med noter, munnleg presentasjon og opposisjon til med-student) ca. 30 timar. Arbeid med gruppeoppgåve mellom samlingane, førebu power-point presentasjon med noter samt munnleg presentasjon til siste samling: ca. 25 timer. Til saman: 30 + 25 + 25=80 timar, dvs. 3 studiepoeng.
Program
SAMLING I
Mandag 9. mars
Kl. 09.15 ¿ 09.30: Velkommen og informasjon om kurset - «The 1000 page question»
Kl. 09.30 ¿ 11.00: Introduksjon til analyse i en
fenomenologisk tradisjon
Professorene Eva Gjengedal & Målfrid Råheim
Kl. 11.15 ¿ 12.15: Systematisk tekstkondensering:
om denne analysemetoden, dens utvikling og
anvendelsesområder
Professor Kirsti Malterud
Kl. 12.15 ¿ 13.00: LUNSJ
Kl. 13.00 ¿ 15.00: Framlegg fra PhD-kandidatene, tilbakemelding og diskusjon
Tirsdag 10. mars
Kl. 09.15 ¿ 10.45: Introduksjon til analyse i en
narrativ tradisjon
Førsteamanuensis Oddgeir Synnes
Kl. 11.00 ¿ 11.45: Framlegg fra PhD-kandidatene, tilbakemelding og diskusjon
Kl. 11.45 ¿ 12.30: LUNSJ
Kl. 12.30 ¿ 15.00: Framlegg fra PhD-kandidatene, tilbakemelding og diskusjon
Onsdag 11. mars
Kl. 09.15 ¿ 10.45: Introduksjon til analyse i en
etnografisk tradisjon
Professor Solfrid Vatne & førsteamanuensis Else Lykkeslet
Kl. 11.00 ¿ 11.45: Framlegg fra PhD-kandidatene, tilbakemelding og diskusjon
Kl. 11.45 ¿ 12.30: LUNSJ
Kl. 12.30 ¿ 16.00: Framlegg fra PhD-kandidatene: tilbakemelding og diskusjon
kl. 16.00 ¿ 16.30: Muntlig evaluering
SAMLING II
27. mai
Kl. 09.00 ¿ 09.15: Velkommen
Kort om arbeidsprosessen, gruppeoppgaven
Kl. 09.15 ¿ 10.00: Muntlig presentasjon ¿ gruppe 1 (1/2 time), diskusjon i plenum (15 min.)
Kl. 10.00 ¿ 10.15: Pause, kursansvarlige diskuterer
Kl. 10.15 ¿ 10.30: Tilbakemelding fra kursansvarlige
Kl. 10.30 ¿ 11.15: Muntlig presentasjon ¿ gruppe 2 (1/2 time), diskusjon i plenum (15 min.)
Kl. 11.15 ¿ 11.30: Pause, kursansvarlige diskuterer
Kl. 11.30 ¿ 11.45: Tilbakemelding fra kursansvarlige
Kl. 11.45 ¿ 12.30: LUNSJ
Kl. 12.30 ¿ 13.15: Muntlig presentasjon ¿ gruppe 3 (1/2 time), diskusjon i plenum (15 min.)
Kl. 13-15 ¿ 13.30: Pause, kursansvarlige diskuterer Kl. 13.30 ¿ 13.45: Tilbakemelding fra kursansvarlige
Kl. 14.00 ¿ 14.45: Muntlig og skriftlig evaluering
Kjernelitteratur
Litteraturliste: Vår 2015
Hollstein, J. A., & Gubrium, J. F. (eds.) (2012). Varieties of Narrative Analysis. Introduction, pp. 1-11. Los Angeles: SAGE Publications.
Knodel, J. (1993). The design and analysis of focus group studies. In D. L. Morgan (ed.) Successful Focus Groups, pp. 35-50. Newbury Park: SAGE Publications.
Patton, M. Q. (2002). Qualitative Research and Evaluation Methods. Chapter 3: Analysis, Interpretation, and Reporting, pp. 429-534. Thousand Oaks: SAGE Publications.
Malterud, K. (2011). (3. utg.) Kvalitative metoder i medisinsk forskning ¿ en innføring. Kap. 7: Transkripsjon, s. 75-81, Kap. 8: Målet for analysen, s. 82 ¿ 90, og kap. 9: Analyse av kvalitative data, s. 91 ¿ 113. Oslo: Universitetsforlaget.
Malterud, K. (2012). Systematic text condensation: A strategy for qualitative analysis. Scandinavian Journal of Public Health, 40, 8, 795-805.
Thorne, S. E. (2008). Interpretive Description. Walnut Creek: Left Coast Press.
Wertz, F. J., Charmaz, K., McMullen, L. M., Josselson, R., Anderson, R., & McSpaden, E. (2011). Five Ways of Doing Qualitative Analysis. Phenomenological Psychology, Grounded Theory, Discourse Analysis, Narrative Analysis, and Intuitive Inquiry. New York: The Guilford Press.
Også anbefalt:
Bazeley, P. (2013). Qualitative Data Analysis ¿ Practical Strategies. Los Angeles: SAGE.