Innføring i molekylærbiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MOL100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi som til dømes biologisk evolusjon, biologisk informasjon, arv og energiomsetting på ein forståeleg måte
- kan gjere greie for dei mest vanlege modellorganismane som blir brukt i molekylærbiologisk forsking
- kan forklare oppbygging til strukturar som finst i prokaryote og eukaryote organismar og gjere greie for funksjonane deira
- kan gje ei enkel forklaring av makromolekyla sin struktur og funksjon
- kan forklare korleis arvestoffet vert kopiert, korleis RNA og protein vert laga, og korleis cella regulerer genutrykking
- kan gjere greie for korleis celler bruker og genererer energirike forbindelsar
- kan forklare prinsippa for sentrale metodar i celle- og molekylærbiologi på ein forståeleg måte
Ferdigheiter
Studenten
- kan meistre bruk av grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi, arv og metabolisme
- kan analysere og tolke enkle celle- og molekylærbiologiske datasett
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle på ein enkel måte grunnleggjande kunnskap i basal celle- og molekylærbiologi
- kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av molekylærbiologisk forsking
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
En obligatorisk kollokvie.
Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Digital skriftleg skuleeksamen 3t (70%) og skriftleg midtsemestereksamen 2t (30%). Midtsemestereksamen og skriftleg skuleeksmen er berre gyldig same semester som dei vert gjenomført. Alle eksamenane må vere fullført, og obligatorisk aktivitet godkjent, for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.
For semester utan undervisning kan studenten avleggje avsluttande eksamen dersom dei har godkjend obligatorisk aktivitet. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.