Musikkterapi i barn og unges oppvekst

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir overblikk over relevant teori i arbeid med barn og unge. Kurset gir også oversikt og innblikk i lover og retningslinjer som regulerer arbeidet. Det blir dessutan gitt innføring i forsking og forskningsmetoder som er aktuell for feltet.

Praktisk-metodiske arbeidsmåtar
Kurset inneheld innføring og bruk av arbeidsmåtar knytt til dei ulike områda og målgruppene som inngår i kurset. Dette gjeld bruk av individuelle og miljøorienterte tilnærmingar. Studentane skal lære grunnleggjande ferdigheiter i høve til ulike musikkterapeutiske arbeidsprosessar knytt til feltet barn og unges oppvekst.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten¿
- har kunnskap om ulike målgrupper, målsetjingar, modellar og arbeidsmåtar innan feltet barn og unges oppvekst
- har kunnskap om en bredde av teoretiske perspektiv på barn og unges oppvekst

- har kunnskap om tverrfagleg samarbeid og innsikt i systemarbeid i arbeid med barn og unge

Dugleikar
Studenten¿
- har tileigna seg eit relevant praktisk-metodisk repertoar

Generell kompetanse
Studenten¿
- har forståinga av kva det vil seie å arbeide med eit variert utval av målgrupper innan feltet barn og unges oppvekst.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Opptak til 300-nivå av mastergradsstudiet.
Studiepoengsreduksjon
MUTP201 / Musikkterapi i pedagogiske kontekstar
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt som førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid og diskusjonar med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik og teoretisk kunnskap i musikkterapi med barn og unge innan relevante målgruppar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs;

- Innlevering av to tekstar som danner grunnlag for semesteroppgaven:

- Ei innlevering tidleg i semesteret, på ca. 2 sider, som beskriver et tema og en foreløpig problemstilling for semesteroppgava.

- Ei innlevering på ca. 4 sider seinere i semesteret som retter seg mot semesteropp.gåva som heilheit.

- Rettleiing av semesteroppgåve, totalt 1,5 timar per student.

- Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Omfanget av arbeidsboka skal vere omlag 10 songar eller 10 aktivitetar.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer
Ei skriftleg oppgåve som bygger på dei to skriftlega arbeida gjennom semesteret. Studenten skal vise kunnskap om et selvvalgt tema innenfor barn og unges oppvekst, samt relevant forskning og teoretiske perspektiv. Den innleverte oppgåva skal vere på om lag 5000 ord. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skrift. Når to eller fleire studentar skriv oppgåve saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar. Den endelige oppgåva blir vurdert i si heilheit. Ekstern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Pensum: ca. 750 sider
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Emneansvarleg
Kjetil Hjørnevik
Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.