Norsk som andrespråk (nettstudium)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NORAN602
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om korleis det norske språket er bygd opp, og hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
- har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk
- har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein som skal lære seg norsk som andrespråk, og kvifor dette er vanskeleg
- har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk
Dugleik:
Studenten
- kan analysere og tolke innlærarspråk på alle språklege nivå
- har lært seg å bruke grammatikkbøker til å slå opp og finne stoff om språklege fenomen han treng å finne ut meir om
- kan reflektere over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor
Generell kompetanse:
Studenten
- har ein kunnskapsbase om den norske språkstrukturen sett i eit komparativt og språkdidaktisk perspektiv som set han i stand til å kunne undervise i norsk som andrespråk og til å kunne tilføre ny innsikt i eige morsmål til personar som har norsk som førstespråk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.
Norskferdigheiter på C1-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning.
Undervisninga kan vere sett saman av tekst, video og lydfiler.
Studentane vert oppmoda til å samarbeide i grupper.
Studentane får oppgåver undervegs i kurset, som dei skal svare på individuelt. Studentane vert oppmoda til å diskutere nokre oppgåver saman før innlevering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal skrive ei oppgåve på omlag 1500 ord.
Faglærar godkjenner den obligatoriske oppgåva. Obligatorisk oppgåve må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.
Godkjenning av obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
6-timars digital heimeeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.